Julie Skarland. Paris – New Delhi – Oslo

19. oktober 2014–1. februar 2015

Kunstindustrimuseet

Klesdesignaren Julie Skarland har gjennom heile si karriere vore busett i utlandet.

Første stopp var Paris, der ho starta firmaet Julie Skarland / Princess-factory i 1991. Her presenterte ho årlege kleskolleksjonar og opna eiga forretning i 1998. I 2005 flytta ho til New Delhi i India for å produsere etter fair trade-prinsippet. Heilt frå byrjinga har strikking, gjenbruk og dekonstruksjon gått igjen i hennar folkloreinspirerte eventyrstil.

Utstillinga gir ein brei presentasjon av Skarlands kreative verksemd. Klede frå hennar kolleksjonar i Paris og frå åra i New Delhi vil stå i fokus. Produksjonen hennar blir komplettert med fotografi, teikningar og videoar.

Kurator for utstillinga er Anne Kjellberg.