Nasjonalmuseet – Arkitektur

I Nasjonalmuseet – Arkitektur presenterer museet skiftande utstillingar som spenner frå samtidsarkitektur til historiske tema, og den faste utstillinga «Boligideer».

Nasjonalmuseet – Arkitektur opna i 2008. Museumsbygningen er ei samanstilling av klassisistisk og modernistisk arkitektur, eit møte mellom Sverre Fehn (1924–2009) og Christian Heinrich Grosch (1801–1865), dei to viktigaste arkitektane frå 1800-talet og vår tid. Hovudbygningen blei teikna av Grosch og stod ferdig i 1830 som avdelingskontor for Noregs Bank. Han er ombygd og bygd til av Fehn, som i 1997 vann den prestisjefylte Pritzker-prisen.

Nasjonalmuseet – Arkitektur blir værande i sine lokale på Bankplassen 3 samtidig som arkitektur blir representert i det nye Nasjonalmuseet, både i skiftande utstillingar og den faste samlingsutstillinga.

Samlinga

Arkitektursamlinga omfattar teikningar og fotografi, i tillegg til modellar og gjenstandar. I 2003 blei museet ein del av Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design.

Fast utstilling

Den faste utstillinga «Boligideer» opna 2. mars 2018. Gjennom modellar, teikningar og fotografi frå samlinga gir utstillinga innsikt i moderne norsk bolighistorie.

Korleis har ideal om boligkvalitet endra seg frå tida omkring 1920 til i dag? Utstillinga viser norske arkitektar som utforskar nye buformer og byplanidear i boligprosjekt.

 Adresse: Bankplassen 3, Oslo

Trikk: 12, 13, 19 til Kongens gate
T-bane: Stortinget stasjon. Alle linjer stopper her
Buss: 60 til Bankplassen, 30, 31 til Kongens gate, 32 til Dronningens gate

 Åpningstider

Mandag: Stengt
Tirsdag: 11.00–17.00
Onsdag: 11.00–17.00
Torsdag: 11.00–19.00
Fredag: 11.00–17.00
Lørdag: 12.00–17.00
Søndag: 12.00–17.00

 Billettpriser

Inngang for rullestol

Det er trapp til hovedinngangen. Ved siden av trappen er det skiltet til sideinngang på baksiden. Sideinngang er trinnfri med adgangskontroll, og besøkende blir fulgt inn i bygget. Det er heis til alle etasjene.

Utfyllende informasjon om tilgjengeligheten i bygningen finnes på www.byggforalle.no

Les mer om tilgjengelighet i Nasjonalmuseets visningssteder.

Relatert innhold

Visningssteder 98 40 ./9Swp1Y45.ips no/besok_oss/visningssteder/ MenyplasseringHovedmeny Overstyr URL#locations 2

Arrangementer