Utstillinger og aktiviteter

Aktiviteter

Atelierer

Kvar av dei fire visingsstadane våre i Oslo har atelier med ulike verkstadstilbod og aktivitetar.

Atelieret i Nasjonalgalleriet

Atelieret er utrusta med mykje av det vi assosierer med eit tradisjonelt kunstneratelier; oljemåling, leire, grafikkreiskapar og ulike teiknemateriell.

Atelieret i Museet for samtidskunst

I utstillingane møter vi mykje av det nyaste innan samtidskunsten. I atelieret blir det fokusert på utprøving og eksperimentering, og vi tek gjerne i bruk utradisjonelle materialar.

Atelieret i Kunstindustrimuseet

Atelieret er utforma med ulike eksempel på god design og ligg i nær tilknyting til samlingsutstillinga «Design og kunsthåndverk 1905–2005». Tema frå denne utstillinga vil vere utgangspunkt for oppgåver i atelieret, men atelieret vil også vere ein stad for praktisk arbeid i tilknyting til alle utstillingane. Draktdesign, tekstiltrykk, smykkedesign og mykje anna vil kunne prøvast ut.

Atelieret i Nasjonalmuseet – Arkitektur

Her får born og unge ei innføring i det digitale teikneprogrammet SketchUp. Dette er eit relativt enkelt teikneprogram utforma for arkitektar og designarar. Vi gir instruksjon og oppgåver til 15 elevar om gongen.