Samlinger og forskning

Arkiv

Arkivsamlingar

Nasjonalmuseets arkivsamlingar består av eit omfattande dokumentasjons- og forskingsmateriale av stor kunsthistorisk og kulturell betydning. Samlingane inneheld arkiv etter offentlege og private aktørar, og ein brei dokumentasjon over norske kunstnarar og museet sine eigne kunstsamlingar. Materialet utgjer ei ueinsarta gruppe, både når det gjeld innhald, form og omfang. Arkivalia kan bestå av alt frå brev, foto, teikningar, notat, dagbøker og manuskript til møtebøker, journalar, kopibøker og rekneskap.

 

Ein vesentleg del av arkivet består av det kunsthistoriske materialet etter institusjonane som frå 2003 utgjer stiftinga Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design: Nasjonalgalleriet (etablert 1837), Kunstindustrimuseet (etablert 1876), Museet for samtidskunst (etablert 1988), Arkitekturmuseet (etablert 1975) og Riksutstillingar (etablert 1996). Arkiva dokumenterer historia og verksemda til institusjonane – som utstillingar, kunstinnkjøp, tilsetjingar, byggjeprosjekt, rekneskap, kunstformidling, inn- og utlån, enkeltkunstnarar, osb. Arkivsamlingane består vidare av fleire privatarkiv etter kunstnarar, forskarar, samlarar, foreininger, organisasjonar, lag og bedrifter. Avdelinga for arkitektur på Bankplassen har i tillegg ei stor samling privatarkiv etter arkitektar. I Samkatalogen på nettstaden til Riksarkivet finst det ei oversikt over desse arkiva.

 

Arkiva er tilgjengelege for alle i lesesalen i biblioteket etter førespurnad. Materialet må bestillast tre verkedagar før besøket.

  

Besøkande kan kopiere frå samlingane mot betaling. Kopiering av arkivmateriale blir vurdert i kvart enkelt tilfelle.

Svart-kvitt-kopi: kr 3,–

Fargekopi: kr 10,–

 

Gå til arkiva.

Opningstider og kontaktinformasjon

 

Opningstider

Måndag–fredag: 10.00–15.00
Laurdag og søndag: Stengt

Besøksadresse:
Kristian Augusts gate 23

Postadresse:
Pb. 7014 St. Olavs plass
0130 Oslo

Telefon:
21 98 20 00 / 21 98 21 75

E-post:

historiskarkiv@nasjonalmuseet.no