Om Nasjonalmuseet

Eksport av kunstverk og kulturminnegjenstander

I følgje Lov om kulturminner (sist endra 27.03.2009) kan ikkje kunstverk og kunsthandverk eldre enn 50 år førast ut av landet utan tillating.

Kulturdepartementet har utpeika Nasjonalmuseet som vedtaksinstans når det gjeld søknad om eksport av kunstverk (måleri, teikningar, skulpturar, originale grafiske blad og annan kunst, kunsthandverk, design og møblar).

Meir informasjon og søknadsskjema for eksporttillating ligg på nettstaden til Kulturrådet.