An Appetite for Painting. Samtidsmaleri 2000–2014

12. september 2014–4. januar 2015

Museet for samtidskunst

logo.jpg

I hjartet av samlingane til Nasjonalmuseet finn vi måleriet, mediet som dominerte utstillingane i museet på første halvdel av 1900-talet.

Samtidig med frambrottet til postmodernismen i andre halvdel av hundreåret, vart måleriet pressa ut på sidelinja. I samtidskunstens diskurs vart det hevda at det hadde utspelt rolla si. Etter tusenårskiftet auka likevel interessa for det gamle, utskjelte mediet igjen. Mykje tyder på at måleriet no er tilbake i samtidskunsten på eigne premissar, og spennet i uttrykk og form er større enn nokon gong. For første gong på femten år blir det vist ein brei presentasjon av samtidsmåleri i Museet for samtidskunst. Utstillinga «An Appetite for Painting» viser til saman 55 verk av 13 anerkjende norske og internasjonale målarar. Dei fleste verka er produserte i løpet av dei siste to åra. Dei består hovudsakleg av innlån, men også måleri frå samlinga til Nasjonalmuseet blir vist.

Medverkende kunstnarar i utstillinga er: Marlene Dumas (Sør-Afrika/Nederland), Dag Erik Elgin (Noreg), Olav Christopher Jenssen (Noreg), Analia Saban (Argentina/USA), Mari Slaattelid (Noreg), Jitish Kallat (India), Chris Ofili (Storbritannia), Gordon Bennett (Australia), Andreas Eriksson (Sverige), Dorothy Napangardi (Australia), Kerry James Marshall (USA), Tomory Dodge (USA) og Brian Blanchflower (Australia). 

Før utstillinga blir vist har Nasjonalmuseet arrangert to store konferansar for å belyse og undersøke samtidsmåleriet. Den første, Paradox: Maleri, vart arrangert i samarbeid med LNM (Landsforeningen Norske Malere) hausten 2012, og den andre, An Appetite for Painting, følgde hausten 2013. Sistnemnde var meir internasjonalt retta, og hadde innlegg frå fleire av kunstnarane som er representerte i utstillinga. Du kan sjå og høyre podcastar frå den siste konferansen på museets nettstad og i formidlingsrommet i hjartet av utstillinga.

Då kunsthistorikar og dekan på Yale University School of Art, amerikanske Robert Storr, måtte trekke seg som innleiande foredragshaldar, tok den London-baserte skribenten og kunstkritikaren Adrian Searle oppgåva på kort varsel. Ein redigert versjon av innlegget hans er tilgjengeleg her med tittelen Almost Adrian Searle.

På denne sida kan du sjå podcastar frå konferansane, og fleire finn du også på YouTube-sida vår.

Kurator for utstillinga er Gavin Jantjes.

Sted: Museet for samtidskunst

Adresse: Bankplassen 4

Samtaler med Dag Erik Elgin og Mari Slaattelid
Måleripositioner är utdrag ur en serie samtal med konstnärer som arbetar med måleri. Podcasten ges ut i samarbete med utställningen "An Appetite for Painting" på Museet for samtidskunst i Oslo. Det är samtal mellan oss, nyexaminerade konstnärer ifrån Kunstakademiet i Oslo och etablerade konstnärer. Med podcasten vill vi ge ut ett samtal som annars stannar innanför ateljéer och konsthögskolor. Som vi ser det är det också viktigt att konstnärer har definitionsmakten och positionen att driva samtalet om konst. 
Vi som gör Måleripositioner är Johan Carlsson, Calle Segelberg, Micke Lo Presti och Helena Lund Ek.

Sjå også YouTube-filmane frå konferansen Paradoks maleri