Om Nasjonalmuseet

Grunnlovsmarkeringen

I samband med grunnlovsjubileet viser Nasjonalmuseet fem utstillingar: tre historiske utstillingar under fellestittelen «Norge 1814», og to samtidskunstutstillingar.

Norge 1814

Under fellestittelen «Norge 1814» presenterer Nasjonalmuseet tre utstillingar i tre ulike visingsstadar:  Nasjonalgalleriet, Nasjonalmuseet – Arkitektur og Kunstindustrimuseet. Publikum får oppleve fleire verk som sjeldan eller aldri har vore viste i offentleg samanheng. Med «Norge 1814»-utstillingane ser vi kunsten frå perioden i eit nytt lys. Utstillingane blir følgd av eit rikhaldig arrangementsprogram som rettar seg mot eit breitt publikum, og eit variert formidlingstilbod for born og unge.

Se alle jubileumsutstillingene med én billett!

Tidsbilder. Norge 1814

Nasjonalgalleriet 17. januar–18. mai 2014

Utstillinga viser utviklinga av biletkunsten i dialog med dei nye ideala i det internasjonale kunstfeltet. I landskapsbileta blir norsk natur framstilt som både skjønn og ressursrik med sine fossar og skogar. Ikkje berre norskfødde kunstnarar deltok i denne utviklinga, også danske, tyske og svenske kunstnarar bidrog til å gi ein ny definisjon av den norske naturens karakter.

Portretta viser dei nye borgarlege ideala og framstiller sentrale personar i arbeidet med oppbygginga av den unge nasjonen. Ein viktig institusjon i utviklinga av det norske kunstmiljøet var Tegneskolen, oppretta i 1818. Utstillinga gir ein fyldig presentasjon av kunstnarar og verk frå dei første åra Tegneskolen var i drift.

Design og mote. Norge 1814

Kunstindustrimuseet 1. februar–31. august 2014

Møblar, glas, keramikk, mote og arkitektur formidlar nye idear om demokrati og nasjonalt sjølvstende i perioden som markerer overgangen frå rokokkoens pomp og prakt til empirens vektlegging av det enkle, bygd på ideala frå antikken. Handelssamband med utlandet og utviklinga av eit norsk næringsliv er også viktige faktorar for tidas nye tankar om design og mote. Utstillinga viser m.a. Anker-familien sin praktbygning Paleet, som i 1814 vart kongebustad for Christian Frederik og seinare for unionskongen Carl Johan. 

Utstillinga viser gjenstandar frå samlinga til Nasjonalmuseet i tillegg til lån frå inn- og utland.

Klassisk Christiania. Norge 1814

Nasjonalmuseet – Arkitektur 15. februar–8. juni 2014

Etter 1814 vart Christiania ikkje berre hovudstad, men også sete for ein heilt ny statsadministrasjon. Utstillinga viser korleis husa i Kvadraturen vart fylte av nye funksjonar. Den første stortingssalen var opphavleg festsalen til Kathedralskolen, teikna av arkitekt Charles Stanley. 

Christian Heinrich Grosch, som også teikna bygningen til Nasjonalmuseet – Arkitektur (tidlegare Noregs Banks filial i Christiania), er saman med Stanley gjennomgangsfiguren i utstillinga. Utstillinga tek heile Kvadraturen i bruk og formidlar både det tapte og det bevarte frå perioden. 

To samtidskunstutstillingar

I samband med grunnlovsjubileet viser Nasjonalmuseet også vandreutstillinga «I Nasjonalmuseets blindsone», laga i samarbeid med TrAP (Transnationional Arts Production).

I Museet for samtidskunst opnar «Grip friheten! Take liberty!» 11. april. Den internasjonale gruppeutstillinga tematiserer demokrati, nasjonal identitet og personleg fridom.