Arkitekt Lars Backer. En pioner i norsk funksjonalisme

1. april 2016–14. august 2016

Nasjonalmuseet – Arkitektur

Med oppføringa av restaurant Skansen, Ekebergrestauranten og Horngården innleia arkitekten Lars Backer funksjonalismen i Noreg. Mange hadde følt at ei ny tid var i emning – no var ho komen.

Lars Backer «fant sig tidlig tilrette med sin egen tid», skreiv Herman Munthe-Kaas i nekrologen sin over kollegaen. Aftenposten hevda at han var den som meir enn nokon andre gav den nye tida uttrykk: «Han var den nye tids mann». Dermed blir utstillinga om Lars Backer også ei forteljing om forspelet til den moderne arkitekturen i Noreg.

Ei mangfaldig utstilling

Lars Backer målte opp eldre bygningar, og gjennom utdanninga si kjende han arkitekturarven godt. Han teikna viktige klassisistiske verk før han vart funksjonalist. Utstillinga gir eit rikt bilde av personen og tida. Ho er tverrfagleg og viser møblar, gjenstandar, historiske fotografi og Lars Backers teikningar i tillegg til måleri av J.C. Dahl, Harriet Backer og Per Krohg. Far hans, Herman Major Backer, var også ein viktig arkitekt. Utstillinga startar med ein presentasjon av arbeida hans og endar med Lars Backers tre epokegjerande funksjonalistiske bygningar som blir vigd spesiell merksemd.

Overgangstid

Midten av 1920-talet var ei overgangstid i Noreg. Nyklassisismen var framleis dominerande: kraftstasjonar, bankar, bustad- og idrettsanlegg, museum og kinoar bar preg av arven frå antikken. Lars Backer bidrog med Frogner kino, vakre Villa Larsen og eit universitetsprosjekt i klassisk stil. Samtidig skreiv Backer, og andre med han, om nødvendigheita av ein ny arkitektur. I 1927 kom det norske gjennombrottet: restaurant Skansen.

Funkis-gjennombrottet

For norsk og nordisk arkitektur vart året 1930 eit tidsskilje. Ei stor utstilling i Stockholm denne sommaren presenterte ein visjon av arkitekturen i framtida som vekte stor begeistring hos publikum. Den nye stilen fekk kallenamnet «funkis». 1930 var også det året Lars Backer døydde, berre 38 år gammal, av ein streptokokkinfeksjon. Dei tre siste bygningane hans var med på å bane vegen for den nye arkitekturen i Noreg. Dei to første, Skansen og Ekebergrestauranten, vart møtt med stor kritikk. Horngården derimot, som stod ferdig i 1930, vart tatt godt imot – og den nye arkitekturen hadde sigra.

Lars Backer, «Skansen», 1927

Restaurant Skansen blir rekna som det første funksjonalistiske bygget i Oslo. Den solgule restaurantbygningen låg langs Rådhusgata, lengst bort frå Akershus, medan uteserveringa, for 2 000 gjestar, var på terrassen mot festninga. Friluftsrestauranten vende ryggen til resten av Kontraskjæret. Dette skjedde ved hjelp av ein lang loggia med plass til femti bord, der gjestane var beskytta mot regn. Etter denne følgde ein høg orkesterpaviljong som vart avslutta med ei elegant trapp på skrå.

I det smalare området bort til festningas utstikkande murar sette Backer opp eit telt som skjulte ein gammal garasje. Her ytst var terrenget stupbratt, fritt for tre og utsikta på sitt beste. På 1930-talet var friluftserveringa på Skansen tettpakka på varme sommardagar av øldrikkande, dresskledde menn med lyse, runde stråhattar.

Funkisperla vart riven hausten 1970 fordi kulturminnemyndigheitene ønska å tilbakeføre Kontraskjærområdet på Akershus til opprinneleg park. Politikarane i Oslo følgde rådet, og vedtok rivinga.

Filmproduksjon: Sindre Johnsen

Relatert innhold

Utstillinger 45 58 ./9Swp1O1a.ips no/utstillinger_og_aktiviteter/utstillinger/ MenyplasseringHovedmeny Overstyr URL#exhibitions 2

Arrangementer