Theodor Kittelsens Jomfruland

13. juni 2014–7. september 2014

Nasjonalgalleriet

Fascinasjonen Kittelsen hadde for landskapet på øya Jomfruland utanfor Kragerø kjem tydeleg til uttrykk i dei vakre teikningane. Med sitt poetiske preg viser dei naturlyrikaren Kittelsen på sitt beste.

Landskapsbilda er delvis inspirerte av opplevinga kunstnaren sjølv hadde av naturen på øya, men ulike litterære impulsar spelte også ei viktig rolle. Ei av dei viktigaste inspirasjonskjeldene var Roland Knudssøns dikt Jomfrulands Beskrivelse frå 1696, som er ei hylling til skjønnheita på øya.

Teikningane frå Jomfruland vitnar om den nære relasjon Kittelsen hadde til naturen og ikkje minst om hans kjensle for ulike stemningar. Sjølv om han stiller seg realistisk til naturen, ber skildringane preg av ei romantisk haldning. Med element av draum, lengsel og poesi føyer serien seg inn i dei nyromantiske strøymingane i 1890-åra. Havfrua og dei tre jomfruene utgjer dei symbolistiske elementa i serien, også dette eit tidstypisk trekk.

Serien består av 14 teikningar utførte i blyant, akvarell, fargeblyant, penn og kol på papir. Kombinasjonen av dei ulike teiknemediene framhevar det stofflege i dei ulike landskapselementa. Lysverknadene i det varierte landskapet er godt synlege, frå yttersida ut mot det opne havet til dei grøne engene inne på øya og vidare til utsikta mot holmane og skjæra på innsida.

Sjølv om Kittelsen ønskte å gi ut serien i bokform, lukkast han ikkje med dette prosjektet. Teikningane vart kjøpt av kunstsamlaren Olaf Schou i 1893 og gitt i gåve til Nasjonalgalleriet året etter.

Utstillinga blir vist i prosjektrommet i Nasjonalgalleriet. Sjå fleire teikningar av Theodor Kittelsen i studiesalen i 1. etasje.

Sjå alle Nasjonalmuseets teikningar av Kittelsen i DigitaltMuseum.

Relatert innhold