Utstillinga viser klede frå Per Spooks motehus i Paris, som var i verksemd frå 1977 til 1995. Kleda representerer fransk haute couture på sitt beste med førsteklasses design og handverksmessig kvalitet.
Kleda formidler Per Spooks stil som var prega av enkle, bruksvenlege fasongar, personlege stoffmønster, fargar og tilbehør, og innslag inspirert av norske tradisjonar. Dei utstilte kleda, ca. 20 antrekk, er gitt i gåve til Nasjonalmuseet frå Per Spook.
Utstillinga er ein del av draktgalleria i 4. etasje på Kunstindustrimuseet.
Ateliertilbod i utstillinga (pdf)
Meir informasjon om Per Spook og utstillinga "Per Spook haute couture"
Lærrarrettleiing og meir informasjon om Per Spook-utstillinga på Museet for samtidskunst i 2006:
Lærarrettleiing
Meir informasjon
