Forsking og utvikling

Forsking er ei av Nasjonalmuseet sine kjerneoppgåver og er motivert av, og delvis integrert i, museets kunstfaglege aktivitetar. Forskinga skal vere på eit høgt nivå og leve opp til internasjonal standard. Nasjonalmuseet utfører også ei betydeleg forskingsførebuande verksemd. Innsamling og generering av alle typar dokumentasjon til institusjonsarkiv, samlingsarkiv, kunstnararkiv, klipparkiv og bibliotek er grunnleggande for forskingsaktiviteten ved museet og eit tilbod til eksterne forskarar og studentar.

Museets vitskapeleg tilsette utfører sensoroppdrag ved universitet og høgskular og deltek med innlegg og førelesingar i ulike studietilbod. Dei held ei rekkje foredrag for foreiningar og grupper og skriv artiklar til andre museum sine katalogar og i relevante tidsskrift. Mange av dei tilsette har verv som styremedlemmar i ulike museum og foreininger og dei deltek aktivt i norsk kunstliv. Internasjonalt kontaktnett blir halde ved like og utvikla gjennom styreverv i organisasjonar og deltaking på internasjonale konferanser.

Nettversjon av Norsk Kunstnarleksikon
Samarbeid mellom Nasjonalmuseet og ABM-utvikling. Målet er at leksikonet (Oslo 1982–1986) sin informasjon gjerast tilgjengeleg for alle i byrjinga av 2010, og at det blir lagt eit funksjonelt grunnlag for framtidig oppdatering og vidareutvikling. Museets prosjektgruppe består av Sidsel Helliesen (leiar), Tom Klev og Birgitte Sauge. Elsebet Kjerschow er engasjert som redaksjonell medarbeidar/bilderedaktør.

Kunst og kultur
Noregs einaste vitskapelege tidsskrift innan kunsthistorie, "Kunst og Kultur", blir utgjeve av Nasjonalmuseet i samarbeid med Universitetsforlaget. Forskingskoordinator Birgitte Sauge er redaktør. Seniorkurator Ulf Grønvold (NM) er leiar for redaksjonsrådet, og medlemmane er professor Øivind Storm Bjerke (Ifikk, UiO), professor Lena Liepe (Ifikk, UiO), førsteamanuensis Espen Johnsen (Ifikk, UiO), avdelingsdirektør Jorunn Haakestad (Kunstmuseene i Bergen) og kurator Øystein Ustvedt (NM).