Etablering
Det første konstituerande styremøtet i Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design vart halde 11. februar 2003. 1. juli same år vart museet etablert som stifting. Med dette var samanslåinga av Arkitekturmuseet, Kunstindustrimuseet, Museet for samtidskunst og Nasjonalgalleriet eit faktum. Ny direktør, Sune Nordgren, vart tilsett på hausten, og arbeidet med å restrukturere Nasjonalmuseet frå fire enkeltståande museumseiningar til éin funksjonsdelt organisasjon med fire utstillingsarenaer starta. I april 2005 flytta store delar av Nasjonalmuseet sin stab til nytt administrasjonsbygg i Kristian Augusts gate 23, like ved Tullinløkka. 1. juli 2005 vart Riksutstillingar overført til museet. I august 2007 byrja Allis Helleland som direktør ved Nasjonalmuseet. Helleland trekte seg frå stillinga si i august 2008. Ingar Pettersen var konstituert direktør fram mars 2009 då Audun Eckhoff byrja som ny direktør ved museet.
Mål
Museets mål skal vere "å heve kunnskapen om og engasjementet for billedkunst, arkitektur, kunsthåndverk og design, utvikle den kritiske sansen, stimulere til ny erkjenning, skape økt historisk bevissthet og toleranse for mangfold."
Utstillingar
Museet viser ei rekkje utstillinger med presentasjon av norsk og utanlandsk kunst, arkitektur og design, både i museumsbygningane i Oslo, i resten av Noreg gjennom eit landsdekkande program og i utlandet. Basisutstillingar med verk frå museets eigne samlingar blir vist i Kunstindustrimuseet, Museet for samtidskunst, Nasjonalgalleriet og Nasjonalmuseet - Arkitektur.
Nasjonalmuseets strategiplan
