Foto: Nasjonalmuseet / Ina Wesenberg
  • Nasjonalmuseet

Kva er kunstaktivisme?

Kunst kan tenna gneisten for nye tankar, meiningar og engasjement. Både i kunsthistoria og i samtidskunsten finn me kunstnarar som bruker kunsten sin til å protestera, skildra urett og kommentera samtida si.

I denne omvisinga ser me nærare på utvalde verk i samlingsrepresentasjonen til Nasjonalmuseet, frå 1600-talet og fram til i dag. Verk som på ulike måtar speglar kunsten si rolla i samtida, og som syner korleis ulike kunstnarar har delteke i den offentlege debatten i ulike tider.

Klassetrinn: Ungdomsskulen og vidaregåande

Antal elevar: Maks 34

Fag: Norsk, samfunnsfag

Lengd: ca. 45 min

Påmelding: Førespurnad sendast til omvisninger@nasjonalmuseet.no