Utstillinger og aktiviteter

KjARTan Slettemark. Kunsten å være kunst

Museet for samtidskunst 13. september 201323. februar 2014

Kjartan Slettemark (1932–2008) er ein av Nordens mest kjende, elska og utskjelte kunstnarar. Han var ein pioner på mange område, og ein av dei første som arbeidde med performance og aktivistisk kunst i Norden. For Slettemark var kunsten det aller viktigaste, og heile livet proklamerte han kunstens og kunstnarens rett til ytringsfridom.

I meir enn 50 år var Slettemark ei aktiv og drivande kraft på den nordiske kunstscena. For han eksisterte inga skiljelinje mellom kunsten og livet. Den spesielle stavinga av fornamnet hans karakteriserer korleis kunsten hadde vore ein del av han heilt sidan han vart døypt.

Altomfattande retrospektiv utstilling
«KjARTan Slettemark. Kunsten å være kunst» er den første altomfattende retrospektive utstillinga sidan Slettemark døydde i 2008. Det er også den første større utstillinga av verka hans som blir vist i Oslo etter det offisielle gjennombrottet på Kunstnernes Hus i 1982. Sidan kunstnaren sitt eige liv står for ein så sentral del av det kunstnarlege innhaldet, følger utstillinga den kunstnariske verksemda hans stort sett kronologisk. Tidsmessig strekk ho seg frå dei første teikningane han teikna i Naustdal i Sunnfjord til dei siste verka han produserte i Stockholm.

Kronologi
Det kronologiske aspektet i kunstnarskapet til Slettemark er viktig, då ein grovt sett kan dele kunsten hans i to ulike periodar. Skiljelinja går ved slutten av 1970-talet. Før dette framstod han som ein som kjempa mot det autoritære, der hovudfokus retta seg mot ein ytre fiende. Rundt slutten av 1970-talet gjekk han over til å plassere seg sjølv i sentrum i ein mer introvert kunstpraksis. I staden for å kritisere systemet og den sittande makta, begynte kunsten hans å få ein helande karakter. Kunsten si viktigaste oppgåve var ikkje lenger å kritisere, men å lækje. Vondt skal med kunst fordrivast.

Kunst som eit middel for å oppnå fridom
Gjennom heile Slettemark sitt kunstnarskap nyttast kunsten som eit middel for å oppnå fridom på det individuelle og kunstnarlege planet. Kunsten påverkar livet, og livet påverkar kunsten. Men det heile er underlagt sjølvet sin autonomi. Alle dei «tærne han trampa på» og dei utallige identitetane han kledde på og av seg gjennom heile sitt produktive liv, var ikkje noko anna enn eit bilde på individet sin fridom til å skape seg sjølv. Medan uttrykka og strategiane til Slettemark endra seg over tid, framstår det transcendentale målet om å utslette eit fast eg som konstant.

Kurator: Stina Högkvist

Sjå opptoget frå opninga av Slettemark-utstillinga

Sjå nettstaden om KjARTan Slettemark

Fasade-MFS_test.jpg

Museet for samtidskunst

Bankplassen 4, Oslo