Utstillinger og aktiviteter

Far-out Voices

Nasjonalmuseet – Arkitektur 22. september 201302. mars 2014

«Far-out Voices» presenterer eit utval pionerar med røter i motkulturrørsla i 1960- og 70-åra – forgjengarar til det vi i dag kallar grøn design.

«Far-out Voices» er ein innfallsport til korleis forkjemparar for alternativ arkitektur og teknologi tenkte om og praktiserte «berekraftig» design, før omgrepet berekraft var funne opp.

Utstillinga er bygd opp rundt ein serie dokumentarintervju, filma av Caroline Maniaque-Benton. Gjer-det-sjølv-manualar, fotodokumentasjon og arkivmateriale avslører korleis arbeidet til Steve Baer, Mike Reynols, Jay Baldwin, Graham Stevens m.fl. baserer seg på eksperimentering og direkte aksjon – drive av ønsket om lausriving frå statleg regulering og infrastruktur.

Den alternative arkitekturen på 1960- og 70-talet er ei viktig kjelde til tidleg økologisk tenking. Utstillinga tek for seg den eksperimentelle opprinninga til grøn design, og gir anledning til å reflektere over korleis berekraftideane sine røter i motkulturrørsla i stadig større grad blir inkorporerte i måla og retorikken til både styresmaktene og industrien.

«Far-out Voices» er del av Oslo Arkitekturtriennale. Nasjonalmuseet er ein av seks samarbeidspartnarar i Arkitekturtriennalen, som i år ber tittelen «Bak den grønne døren – Arkitektur og drømmen om bærekraft». Triennalen inviterer til ei original og kritisk undersøking av berekraftomgrepet i arkitektur, byutvikling og design. Den belgiske gruppa Rotor er kuratorar for hovudutstillingen på DogA. Meir informasjon på oslotriennale.no.

Kuratorar: Caroline Maniaque-Benton (École Nationale Superieure d’Architecture, Paris Malaquais) og Jérémie McGowan (Nasjonalmuseet).