Utstillinger og aktiviteter

Christian Krohg. Bilder som griper

Nasjonalgalleriet 15. juni16. september 2012

Du skal male slig at du griper, rører, forarger eller gleder den store hop nettopp ved det samme som har gledet, rørt, forarget eller grepet deg selv, for det er vel derfor, du har malt ditt bilde, vil jeg håpe.
Christian Krohg i «Om det eneste fornødne i kunsten» (1888)

Christian Krohg (1852–1925) prega norsk kunstdebatt i fleire tiår, både med sine måleri og gjennom dei posisjonane han fekk. Sommarutstillinga i Nasjonalgalleriet er vigd Christian Krohg sin kunst og gir mulegheit for å sjå kjende og kjære Krohg-perler som I baljen, Kone som skjærer brød, Albertine i politilegens venteværelse, Syk pike, Visergutt som drikker kaffe og mange flere. Utstillinga er konsentrert om 1880- og 90-åra og er eit djupdykk i realisten Krohg.

Det er 25 år sidan siste Krohg-utstilling vart vist i Nasjonalgalleriet. Den gong var det breidda i hans omfattande kunstnarskap som vart vektlagt. «Christian Krohg. Bilder som griper» går i djupna på kunsten hans i 1880- og 90-åra. Krohg var sterkt prega av realismen sin ideologi som blant anna fordra å lage kunst for eit breitt publikum. Krohg si uttalte meining var at kunsten skulle ha ein funksjon utover det å dekorere borgerskapet sine veggar, han skulle vere noko «annet en luksus», og ikkje kun «et gourmanderi for de mest raffinerte».

Med dette som utgangspunkt; kva slags motiv opptok Krohg? Bilda hans frå perioden er først og fremst kjent under overskrifter som Skagen-bilda, sjøbilda, portrett, Kristiania-motiv eller tendensmåleri. Men ser vi med eit meir generelt blikk på verka finn vi at særleg tre motivtypar opptok Krohg i 1880- og 90-åra, og at desse er samanfallande med realismen sitt program slik det utfalda seg i både litteratur og biletkunst: arbeiderhelten, familiescener og «den falne kvinne».

Politisk agitasjon – Albertine i politilegens venteværelse
Med romanen og måleriet om den unge fattige jenta Albertine oppnådde Krohg nettopp å engasjere eit breitt lag av folket. Få norske kunstverk har skapt eit så vidt engasjement som det denne romanen og det påfølgande maleriet gjorde. Sentralt i utstillinga er presentasjonen av Albertine i politilegens venteværelse (1885–87) med skisser og dokumentasjonsmateriale frå debatten omkring bildet og boka. Krohg bringa her eit dagsaktuelt tema inn i kunsten med sikte på at publikum skulle la seg gripe og bli engasjerte i saka. Han jobba ut frå overbevisinga om at folk sitt engasjement og sympati lettast kunne vekkjast via ein individuell skjebne si historie.

Individet. Mellom sjanger og portrett
I tradisjonell forstand var Krohg figurmålar, og ein stor del av produksjonen hans er portrett. Men portrett på bestilling frå det økonomisk sterke borgarskapet var ikkje hovudvegen hans. For det meste portretterte han eigen omgangskrins; personar som stod for dei same verdiane som han sjøv; vitskapsmenn, kunstnarar og forfattarar. Meir radikalt var det at han med like stor respekt og innsikt skildra individ frå dei lågare samfunnslag. Dei oversette, det enkle og alminnelege blir gitt ein positiv verdi. Blant hans kvaredagsheltar er bybudet, avisgutten, modellen, fiskaren og syjenta. Skiljet mellom sjangermotiv og portrett er diffust hos Krohg. I bilda som Visergutt som drikker kaffe, Garnbinderen, Måkeplukkeren og Kone som skjærer brød trer individa tydeleg fram.

Familiemotiv
Krohg var politisk engasjert og ein ivrig samfunnsdebattant med store ambisjonar på billedkunsten sine vegner, men han var også ein familiemann med blikk for dei nære relasjonar. Mest kjent er skildringane hans av familien Gaihede på Skagen, og frå slutten av 1880-åra ser vi det i framstillingar av eigen familie, som til dømes i måleriet I baljen (1889). I familiemotiva fann Krohg allmenne tema som gjekk på tvers av samfunnsgrupper, slik vi ser det i Et farvel (1876), Bestefar vugger (1883), Sovende mor (1883) og Østenfor sol og vestenfor måne (ca. 1887).

Å gripe sitt publikum
I Albertine i politilegens venteværelse og Kampen for tilværelsen er det vår medlkjensle og sympati Krohg vil vekke. Men dette er eigentleg unntaka i kunstnarskapet. For det er heller ved å framstille ei arbeiderklasse i harmoni med seg sjølv at han skaper identifikasjon med dei lågare samfunnslag i sine øvrige bilder. I tråd med den humanismen som låg til grunn for 1800-talets realismeideologi, synest Krohgs individ å vere frie og sjølvstendige. Dette optimistiske menneskesynet som prega kunsten hans, aksentueringa av individet si verdigheit og eigenverdi, uavhengig av sosial bakgrunn, gjer Krohg til ein realist som grip og rører – og av og til forargar.

Kurator for utstillinga er Vibeke Waallann Hansen

NG_utsnitt_test3.jpg

Nasjonalgalleriet

Universitetsgata 13, Oslo

Max Klinger i Nasjonalmuseets samlinger

Max Klinger, Annen fremtid, 1880. Blad 4 Opus III i serien Eva og fremtiden, Nasjonalmuseet

I tilknytning til utstillingen vises den tyske kunstneren Max Klingers to grafiske serier En hanske (1881) og Eva og fremtiden (1880) i Nasjonalgalleriets sal E (2. etasje).

Klinger (1857–1920) er en av de fremste representantene for tysk symbolisme i siste halvdel av 1880-tallet. Under studietiden i Berlin delte Christian Krohg og Max Klinger atelier og bosted. Krohgs maleri Hungerturm (1878) viser utsikten fra deres bolig. Tre av Krohgs skissebøker fra tiden i Berlin presenteres også i sammenheng med dette.