Nasjonalmuseet – Arkitektur

I Nasjonalmuseet – Arkitektur presenterer museet skiftande utstillingar som spenner frå samtidsarkitektur til historiske tema, og den faste utstillinga «Boligideer».

Nasjonalmuseet – Arkitektur opna i 2008. Museumsbygningen er ei samanstilling av klassisistisk og modernistisk arkitektur, eit møte mellom Sverre Fehn (1924–2009) og Christian Heinrich Grosch (1801–1865), dei to viktigaste arkitektane frå 1800-talet og vår tid. Hovudbygningen blei teikna av Grosch og stod ferdig i 1830 som avdelingskontor for Noregs Bank. Han er ombygd og bygd til av Fehn, som i 1997 vann den prestisjefylte Pritzker-prisen.

Nasjonalmuseet – Arkitektur blir værande i sine lokale på Bankplassen 3 samtidig som arkitektur blir representert i det nye Nasjonalmuseet, både i skiftande utstillingar og den faste samlingsutstillinga.

Samlinga

Arkitektursamlinga omfattar teikningar og fotografi, i tillegg til modellar og gjenstandar. I 2003 blei museet ein del av Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design.

Fast utstilling

Nasjonalmuseet – Arkitektur satsar på temaet bolig i 2018, og i det høvet fornyar vi vår faste arkitekturutstilling. Den nye faste utstillinga «Boligideer» opna 2. mars. Gjennom modellar, teikningar og fotografi frå samlinga gir utstillinga innsikt i moderne norsk bolighistorie.

Korleis har ideal om boligkvalitet endra seg frå tida omkring 1920 til i dag? Utstillinga viser norske arkitektar som utforskar nye buformer og byplanidear i boligprosjekt.

 Adresse: Bankplassen 3, Oslo

Trikk: 12, 13, 19 til Kongens gate
T-bane: Stortinget stasjon. Alle linjer stopper her
Buss: 60 til Bankplassen, 30, 31 til Kongens gate, 32 til Dronningens gate

 Åpningstider

Mandag: Stengt
Tirsdag: 11.00–17.00
Onsdag: 11.00–17.00
Torsdag: 11.00–19.00
Fredag: 11.00–17.00
Lørdag: 12.00–17.00
Søndag: 12.00–17.00

 Billettpriser

Inngang for rullestol

Det er trapp til hovedinngangen. Ved siden av trappen er det skiltet til sideinngang på baksiden. Sideinngang er trinnfri med adgangskontroll, og besøkende blir fulgt inn i bygget. Det er heis til alle etasjene.

Utfyllende informasjon om tilgjengeligheten i bygningen finnes på www.byggforalle.no

Les mer om tilgjengelighet i Nasjonalmuseets visningssteder.

Kafé

I Grosch Bistro kan du nyte sesongens råvarer i vakre arkitektoniske omgivelser.