Museet for samtidskunst

Museet for samtidskunst viser skiftande utstillingar av både innlånte verk og verk frå eiga samling.

Publikum kan sjå faste installasjonar som Per Inge Bjørlos «Indre rom V. Målet», Ilya Kabakovs «Søppelmannen – mannen som aldri kastet noe» og gallerirom vigd til Louise Bourgeois.

Samlinga

Nasjonalmuseets samtidskunstsamling består av ca. 5 000 norske og utanlandske verk frå perioden etter 1945. Samlinga spenner over eit breitt spekter av sjangrar og uttrykksformer; måleri, grafikk, teikning, fotografi, skulptur, objekt, installasjon og video.

Museet opna for publikum i 1990, med sentral plassering på Bankplassen i Oslo, i det som før var Noregs Banks lokale. Den vakre jugendstilinspirerte bygningen i norsk granitt og marmor stod ferdig i 1906. Arkitekten var Ingvar Magnus Olsen Hjorth (1862–1927). Museet har rundt 2 000 m2 utstillingsareal over to etasjar, med den store Banksalen i 1. etasje som eit hovudfokus. I 2003 blei museet ein del av Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design.

Faste installasjonar

Av dei faste installasjonane i museet inngår to gallerirom vigde til ein av dei mest respekterte kunstnarane i vår tid, fransk-amerikanske Louise Bourgeois (1911–2010). Ho blei inspirert av nesten alle avantgarderørslene frå det 20. hundreåret, men bevarte ein genuin personleg stil i den uredde behandlinga si av store psykoanalytiske tema som familierelasjonar, seksualitet og menneskelege kjensler som angst, sjalusi, einsemd og sorg.

 

 Adresse: Bankplassen 4, Oslo

Trikk: 12, 13, 19 til Kongens gate
T-bane: Stortinget stasjon. Alle linjer stopper her
Buss: 60 til Bankplassen, 30, 31 til Kongens gate, 32 til Dronningens gate

Åpningstider

Mandag: Stengt
Tirsdag: 11.00–17.00
Onsdag: 11.00–17.00
Torsdag: 11.00–19.00
Fredag: 11.00–17.00
Lørdag: 12.00–17.00
Søndag: 12.00–17.00

Billettpriser

Tilgjengelighet

Inngang for publikum som bruker rullestol ved personalinngang (Kirkegata). Kontakt vakt i resepsjonen.

Utfyllende informasjon om tilgjengeligheten i bygningen finnes på www.byggforalle.no