Nasjonalgalleriet

Nasjonalgalleriet rommar den største offentlege samlinga av måleri, teikningar og skulpturar i Noreg. Gjennom permanente og skiftande utstillingar presenterer galleriet eldre kunst med hovudvekt på det norske.

Norsk og internasjonal kunst på høgt nivå

Gjennom den lange historia til museet har det hatt ei sentral rolle i nasjonsbygginga og i formidlinga av norsk kunsthistorie. Sidan den forsiktige byrjinga har hovudtyngda i samlinga og utstillinga lege på norsk kunst, men takk vere venneforeininga og private donasjonar har museet også internasjonal kunst på høgt nivå – ikkje minst av dei franske impresjonistane.

Men den store attraksjonen er dei tidlege hovudverka til Edvard Munch, som Skrik og Madonna. I dag rommar bygningen ei permanent utstilling og skiftande utstillingar – både med historisk kunst og samtidskunst. I studiesalen kan publikum sjå grafikk og teikningar som ikkje er stilte ut. Her hjelper også fagpersonalet besøkande med informasjon om kunstverk i privat eige.

Historikk

Då Stortinget i 1836 vedtok å opprette eit nasjonalt museum for biletkunst i hovudstaden, var det ut frå eit ønske om å vise kunst frå den unge nasjonen sedd i samanheng med den eldre europeiske tradisjonen. Dette var byrjinga på Nasjonalgalleriet, som etter kvart kom til å bygge opp ei eiga samling av kunst gjennom innkjøp og donasjonar.

Gjennom åra blei Noregs største samling av norsk og internasjonal biletkunst litt etter litt bygd opp til det som ved innlemminga i Nasjonalmuseet i 2003 utgjorde ca. 4 500 måleri, 900 originalskulpturar, 950 gipsavstøypingar, 17 300 teikningar og 25 000 grafiske blad.

Museet var lenge ei kunstsamling utan faste utstillingslokale. Først i 1880-åra flytta museet, som den gongen heitte Statens kunstmuseum, inn i det som i dag er midtpartiet i Nasjonalgalleriets bygg. Ved seinare tilbygg blei museet utvida med ei fløy mot sør (1904–1907) og ei fløy mot nord (1918–1924) for å gi plass til samlinga, foredragssal og bibliotek.

Bygningen blei teikna i nyrenessansestil av H.E. Schirmer (1814–1887) og son hans. I mellomtida var både Skulpturmuseet og Koparstikk- og handteikningssamlinga innlemma i Nasjonalgalleriet.

Adresse: Universitetsgata 13, Oslo

Alle busser og trikker til Nationaltheatret og Tullinløkka

Åpningstider

Mandag: Stengt
Tirsdag: 10.00–18.00
Onsdag: 10.00–18.00
Torsdag: 10.00–19.00
Fredag: 10.00–18.00
Lørdag: 11.00–1700
Søndag: 11.00–17.00


Billettpriser

Voksne: 50 kr
Stud./pensj./honnør: 30 kr
Kunststudenter med gyldig studentbevis:
(Kunst, design, arkitektur og kunsthistorie)
Gratis
Barn/unge under 18: Gratis
Søndager: Gratis for alle

Billetten gjelder for én dag og gir adgang til Nasjonalgalleriet, Museet for samtidskunst, Nasjonalmuseet - Arkitektur og Kunstindustrimuseet.
 

Tilgjengelighet

Inngang for publikum som bruker rullestol: Egen dør midt på hovedtrapp ved gateplan. Ringeklokke.

Utfyllende informasjon om tilgjengeligheten i bygningen finnes på www.byggforalle.no