Nasjonalmuseet – Arkitektur

I Nasjonalmuseet – Arkitektur presenterer museet skiftande utstillingar som spenner frå samtidsarkitektur til historiske tema, og den faste utstillinga «Byggekunst. Arkitektursamlingen fra 1830 til i dag».

Nasjonalmuseet – Arkitektur opna i 2008. Museumsbygningen er ei samanstilling av klassisistisk og modernistisk arkitektur, eit møte mellom Sverre Fehn (1924–2009) og Christian Heinrich Grosch (1801–1865), dei to viktigaste arkitektane frå 1800-talet og vår tid. Hovudbygningen blei teikna av Grosch og stod ferdig i 1830 som avdelingskontor for Noregs Bank. Han er ombygd og bygd til av Fehn, som i 1997 vann den prestisjefylte Pritzker-prisen.

Samlinga

Arkitektursamlinga omfattar teikningar og fotografi, i tillegg til modellar og gjenstandar. I 2003 blei museet ein del av Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design.

Ny fast utstilling

Arkitekturutstilinga «Byggekunst. Arkitektursamlingen fra 1830 til i dag» viser korleis tenkinga omkring arkitektur har utvikla seg dei siste to hundre åra. Og korleis arbeidsmetodane og uttrykksformene til arkitektane har prega og endra den arkitektoniske kulturen og historia.

Med materiale etter sentrale arkitektar som Henrik Bull, Sverre Fehn, Harald Hals, Jan & Jon, Arne Korsmo, Magnus Poulsson, Snøhetta og Erling Viksjø set utstillinga søkelys på idear som kjernen i all arkitektur.

Utstillinga presenterer eit utval arkitektoniske idear frå 1830-åra og fram til i dag. Materialet er henta frå Nasjonalmuseets samling, som rommar over 300 000 teikningar og gjenstandar. Nokre av dei utstilte arbeida er ein del av det norske bygningslandskapet, mens andre aldri forlét teiknebordet til arkitekten.

Teikningane og modellane i utstillinga viser korleis arkitektoniske stilar har endra seg gjennom historia. Dei viser også korleis eigenarten deira har forandra seg over tid. Ulike teknikkar og materiale reflekterer den teknologiske utviklinga og dei skiftande haldningane, tenkemåtane og tilnærmingane til arkitektane.

 

Adresse: Bankplassen 3, Oslo

Trikk: 12, 13, 19 til Kongens gate
T-bane: Stortinget stasjon. Alle linjer stopper her
Buss: 60 til Bakplassen, 30, 31 til Kongens gate, 32 til Dronningens gate

Åpningstider

Mandag: Stengt
Tirsdag: 11.00–17.00
Onsdag: 11.00–17.00
Torsdag: 11.00–19.00
Fredag: 11.00–17.00
Lørdag: 12.00–17.00
Søndag: 12.00–17.00


Billettpriser

Voksne: 50 kr
Stud./pensj./honnør: 30 kr
Kunststudenter med gyldig studentbevis:
(Kunst, design, arkitektur og kunsthistorie)
Gratis
Barn/unge under 18: Gratis
Søndager: Gratis for alle

Billetten gjelder for én dag og gir adgang til Nasjonalgalleriet, Museet for samtidskunst, Nasjonalmuseet - Arkitektur og Kunstindustrimuseet.


Tilgjengelighet

Det er trapp til hovedinngangen. Ved siden av trappen er det skiltet til sideinngang på baksiden. Sideinngang er trinnfri med adgangskontroll, og besøkende blir fulgt inn i bygget. Det er heis til alle etasjene.

Utfyllende informasjon om tilgjengeligheten i bygningen finnes på www.byggforalle.no