NMK.2008.0726.001.001.jpg
Finn Knudsen: Fred, utkast til Oslo kirke, (1894). Tusj og lavering på kartong, 73 x 50 cm. Nasjonalmuseet. Katalognummer 188 i 1894.

Arkitekturen på Statens kunstutstilling

Då Statens kunstutstilling (no kjend som Haustutstillinga) blei etablert i 1884, var arkitektur ein av klassane ein kunne sende inn arbeid til, på lik linje med måleri, handteikning og grafikk.

Arkitektur hadde også ein eigen del av utstillingsrommet, og var skild ut som eiga avdeling i katalogane. I åra etter 1910 døydde arkitekturavdelinga ut, og ho har seinare blitt gløymd. I Arkitekturårbok 2011 har kurator Bente Aass Solbakken skrive om arkitektane på haustutstillingane. Som eit appendiks til denne artikkelen publiserer vi her ei oversikt over alle utstilte arbeid i arkitekturavdelinga i utstillinga.

PDF til nedlasting