Møbelsamlinga

Den store møbelsamlinga til Nasjonalmuseet omfattar meir ein 2 000 objekt frå mellomalderen og fram til i dag.

Blant dei er gjenstandar med ulike opphav og storleikar, frå praktfulle store barokkskap til små kister. Saman med tidstypiske gjenstandar av glas, keramikk, smykke og tekstil viser samlinga den spennande utviklinga i Europas stilhistorie.

Møblane har stor verdi med den direkte tilknytinga dei har til den generelle kunstindustrien og designhistoria, og til politikk, økonomi, vitskap og litteratur. Kulturane frå antikken og Austen har også vore viktige inspirasjonskjelder. På denne måten har objekta stadig utvikla seg. I dag viser møblar ulike produksjonsmetodar og -teknikkar, somme gonger som ein kombinasjon av forskjellige kunsthistoriske epokar.

Materiale og teknikkar

Møblar er sjeldan laga av berre eitt materiale. For det meste består objekta av ein kombinasjon av ulike materiale. Treverk, tekstilar, metall og glas er blant dei viktigaste. Men med utvikling av moderne plastmateriale kjem eit nesten uoversiktleg felt av materialtypar i tillegg.

Framstillings- og dekorasjonsteknikkane er variasjonsrike. Sjølv om dei fleste objekta er bygde på tradisjonelle metodar, går teknikkane stadig gjennom nye forandringar og tek direkte stilling til den tekniske utviklinga. Ei av dei viktigaste oppfinningane var dampmaskinen på midten av 1800-talet. Denne førte ikkje berre med seg ei endring av produksjonsteknikkar, men også av produksjonsmengd.

Dekorasjonsteknikkane går også gjennom forandringar – dei blir utvikla vidare og ofte revitaliserte mange år seinare. Treskjering, finering, preging, dreiing, forgylling, fernissering og påmåling er berre nokre av dei tusen forskjellige dekorane vi kjenner.

 

1. eksempel: Lakkskap

Skap, 1675–1680, England, H 157,5 x B 96,3 x D 48,5 cm

Kabinettskapet er laga i furu og eik på understell i gjennombroten skoren og forgylt bjørk. Alle flatene på skapet og dei to fløydørene er dekte av lakkarbeid av japansk type: svart botn med dekormåleri i gullrelieff. Utvendige motiv er krigarar med sverd og skjold – og ryttarar, drakar og landskap. Innvendig ser vi tre, fuglar, blomar osb.

Først på 1600-talet, då Det ostindiske handelskompaniet begynte å importere austasiatiske lakkvarer, blei den europeiske adelen og fyrstedømma begeistra for dei fine og uttrykkssterke lakkarbeida med former og teknikkar i høg kvalitet. Sidan dei fleste arbeida kom frå Kina og Japan, fekk denne typen gjenstandar også nemninga «chinoiserie». Objekt som møblar, skåler og skrin var veldig kostbare, derfor prøvde europeiske handverkarar tidleg å kopiere lakkarbeid.

I tillegg til lakkmåleria er dei gjennombrotne tungeforma messingbeslaga, med siselert dekor av blomar og bladstenglar på punsla botn, eit stort dekoraktivt element på skapet.


2. eksempel: Skrin

Skrin, 1650–1750, Tyskland, H 18 x L 34 x B 21 cm

Skrinet høyrer mest sannsynleg til dei såkalla Römhilder-skrina som stammar frå regionen utanfor Römhild i Thüringen i Tyskland. I dag kjenner vi til seksti eksemplar av denne skrintypen. Alle Römhilder-skrina har same konstruksjonsprinsipp og utforming og blei truleg laga mellom 1550 og 1750. Først og fremst blei skrina brukte som skattkister, smykkeskrin eller skriveskatoll. Alle er små og pynta med kvit alabast og svartfarga tre (ibenholtimitasjon), og viser ei arkitektonisk oppbygging ved hjelp av pålimte dekorasjonselement av mellom anna arkadar, bogar og framskotne halvsøylepar.


3. eksempel: Skap

Skap, 1736, Tyskland, H 176 x B 90 x D 44,5 cm

Skapet er prydd ved hjelp av beisa og fernissert jakarandatre, marketeri og dreidd dekor. Marketeri er ein dekorasjonsteknikk der ein set forskjellige typar finer ved sida av kvarandre slik at dei formar eit mønster, eit bilete eller ein mosaikk. Til forskjell frå intarsia ligg marketeri på eit beremateriale. Ein intarsia er derimot eit innleggsarbeid.

Marketeri og intarsia omfattar også andre materiale enn tre, til dømes bein, elfenbein, perlemor, horn, skjelpadde eller metall. Det finst også eksempel der dei forskjellige tresortane i eit marketeri er beisa for at dei skal ha sterkare uttrykkskraft. Unike er også arbeid frå Eger, Tyskland, der ein framstilte skorne og graverte relieffintarsiaer av høg kvalitet.