Art Deco kaffe- og teservice
Guttorm Gagnes, David-Andersen (produsent), Kaffe- og teservise, 1931. Foto: Nasjonalmuseet

Design og kunsthandverk: modernisme og postmodernisme

Den første fasen i den modernistiske rørsla hadde opphav i reformene innanfor design og kunsthandverk seint på 1800-talet. Modernismen fekk full internasjonal gjennomslagskraft omkring 1920 og prega det meste av hundreåret fram til 1970–80-åra. Då utvikla postmodernismen seg som ein reaksjon og motpol til modernismen – med eit grenseoppløysande mangfald som heldt fram inn i det nye millenniet.

Modernismen

Modernismen omfattar fleire stilartar: art deco, funksjonalisme, Scandinavian design og popdesign. Ein fellesnemnar er det enkle formspråket med reine flater og stilisert dekor, som passa til dei industrielle nyvinningane og dei nye materiala. Perioden er prega av eit sosialt engasjement med nye idear om bustadreformer og god design for alle. Industrielle produksjonsmetodar skulle gjere det mogleg å lage vakre og rimelege kvardagsvarer. No blei design lagd vekt på som eit sentralt bindeledd mellom teknologi og kultur, mellom produksjon og konsum.

Utstillinga

Utstillinga er bygd opp omkring ei raud hovudlinje som viser den modernistiske utviklinga gjennom ulike stilperiodar. Hovudlinja er komplettert med aktuelle designarar og tema i tida, til dømes figurativt versus abstrakt. Med dette vil vi vise at modernismen har fleire innfallsvinklar. Det dreier seg ikkje om éi, men om fleire forteljingar og mange ulike modernismar.