Servise Jacob Tostrup Prytz
Jacob Tostrup Prytz (antatt), 1930-tallet. Foto: Nasjonalmuseet

Dilemmaet til modernismen: funksjon og merkevarer. 1930–45

USA fekk ei sentral rolle som leverandør av nye designprodukt, særleg etter at mange av lærarkreftene frå Bauhaus hadde emigrert frå Tyskland. I løpet av 1930–40-åra endra uttrykket seg frå det strengt geometriske til mjukare og meir avrunda former. Desse var inspirerte av den amerikanske straumlinjeforma (streamline), som framheva det aerodynamiske og organiske. Standardisering og rasjonalisering av den industrielle produksjonen var enno viktige spørsmål, men det var ønske om ny form som blei framheva. Produktet som merkevare og statussymbol kom etter kvart til å overskygge det funksjonelle aspektet.

Kunstnarar til industrien

I Noreg førte impulsane frå Stockholmsutstillinga i 1930 til det store gjennombrotet for funksjonalismen. På Foreningen Brukskunsts utstilling i Kunstnernes Hus same året blei det for første gong stilt ut masseproduserte salsvarer. Dette var eit direkte resultat av arbeidet til foreininga for å få kunstnarar til industrien. Også produsentane fekk gradvis forståing for at dette var viktig. Formgivaren var enno først og fremst oppteken av god form. Under krigen var det redusert produksjon, men ein fekk etter kvart kunnskap om dei nye materiala og teknikkane i den internasjonale krigsindustrien.

Funksjonalisme og straumlinjer

I 1930-åra fekk funksjonalismen eit mjukare uttrykk. Dei strenge formene hadde problem med å slå an. Art deco og den organiske funksjonalismen (streamline) frå USA verka forløysande. Aaltos laminerte bøytresmøblar fekk større popularitet enn dei kjølige stålrøyrsmøblane. På Stockholmsutstillinga i 1930 såg ein ei tydeleg todeling mellom det strenge og det mjuke, mens stilen på Verdsutstillinga i Paris i 1937 stort sett var mjuk i uttrykket. Porselens-, sølv- og emaljearbeida frå Noreg vekte oppsikt og blei prisa for «det subtile enkle».