Figgio
Figgjo (produsent),«Annemarie», Mellom 1971 og 1977. Foto: Nasjonalmuseet

Livsbekreftande design: popkultur og frigjering. 1965–1980

Popdesign var fargerik og uortodoks, med vesentleg vekt på det kunstnariske uttrykket. Britiske og italienske designarar leidde an og smelta kunst, design, mote og populærkultur saman. Det revolusjonerande slagordet «bruk og kast» førte til rimelege designprodukt. Enkle, framtidsretta former med dei optiske mønstera i popkunsten blei populære frå midten av 1960-åra. Dei blei følgde av psykedeliske ornament med bølgjande former inspirerte av art nouveau og flower power.

Produktutvikling

Tekniske nyvinningar innanfor romfart og kunststoff inspirerte til nye produkt, og framstillingsmetodane blei stadig enklare. I produktutviklinga blei det mellom anna lagt vekt på ergonomi. Andre viktige nye moment i designdiskusjonen var at produkta skulle vare, at dei skulle vere trygge og ikkje krevje for store ressursar. Alternative designrørsler, som «radikal design» i Italia, søkte nye perspektiv på fagområdet, mellom anna gjennom synet på gjenstanden som eit meiningsfylt kunstverk.

Fornya aktualitet for kunsthandverk

I Noreg gjorde poprørsla seg gjeldande først mot slutten av 1960-åra. Då var framtidstrua i ferd med å bli avløyst av protestar mot det kapitalistiske, vestlege samfunnet. I dette klimaet fekk kunsthandverket fornya aktualitet. Fleire utøvarar gjekk ut av Norske Brukskunstnere og stifta sin eigen organisasjon Norske Kunsthåndverkere i 1975. Dei kjempa fram eigne stipend- og innkjøpsordningar, og understreka statusen til kunsthandverket. Kunsthandverkarane ville vere kunstnarar, og industridesignarane blei produktutviklarar. Mellom desse ytterpunkta stod interiørarkitektane, tekstil- og motedesignarane, dei grafiske designarane og illustratørane.

Frå popdesign til flower power

Formene og mønstera i popdesignen tok ofte utgangspunkt i sirkelen, firkanten og triangelet. Fargane var klare og sterke, eller kvitt og sølv inspirert av romfartsteknologien. Parallelt med denne strenge retninga fanst ein mjukare, organisk stil. Mønster inspirerte av optiske illusjonar i popkunsten, flower power og psykedeliske mønster blei populære frå andre halvdel av 1960-åra. Den økonomiske og politiske turbulensen i 1970-åra påverka designarane og kunsthandverkarane. Fleire kunsthandverkarar arbeidde med eit fritt, materialbasert uttrykk. Mange vende seg bort frå det framtidsretta og søkte inspirasjon i eigen eldre kultur, i framande kulturar og i «det romantiske livet på landet».