Modernismens revers: ironi og mangfald. 1980-åra

Gradvis voks det fram eit postmoderne program. Dette var først og fremst ein reaksjon mot maskinestetikken i modernismen, det sjølvhøgtide lege ved han og mangelen på humor og ironi. No blei det regionale, historiske og dekorative uttrykket aktuelt.

Samansett og komplekst stiluttrykk

Postmodernismen har eit samansett og komplekst stiluttrykk. Nokre av mange kjenneteikn er ein uortodoks leik med element frå klassisismen og art deco, kombinert med nonfigurative, humoristiske eller ironiserande uttrykk. Italienaren Ettore Sottsass lanserte i 1981 den radikale designgruppa Memphis, som braut med dei etablerte normene for stygt og pent. Arbeida deira var ein reaksjon på rasjonaliteten og funksjonaliteten i modernismen. Det blei sett spørsmålsteikn ved den gode smaken og det som blei oppfatta som den misjonsprega verksemda til modernismen.

Høgare status for designarane 

I Noreg arrangerte designarane i Oslo i 1980 ei skinngravferd for Scandinavian design for å markere at modernismeepoken var over. Etter at Institutt for industridesign blei oppretta i 1983, fekk designarane høgare status. Dei blei no seriøse partnarar i industrien og var med i produktutviklinga frå prosjektering til marknadsføring. I 1984 arrangerte Galleri F15 ei utstilling med arbeid frå Memphis-gruppa. Rett etter var det nye taktar i norsk design: det ekspressive, frigjorde og leikande. Behovet til samfunnet var ikkje lenger det primære. Individuell marknadsføring og konkurranse tok over.

Norsk kunsthandverk

Det norske kunsthandverket blei i denne perioden hovudarenaen for ei fruktbar utvikling. Det var ikkje lenger nødvendig å stå på barrikadane for posisjonen til fagfeltet. No fekk det kunstnariske aspektet full utteljing, og inspirasjon blei henta frå lokale tradisjonar så vel som frå urbane og globale trendar.

Postmodernisme i 1980-åra

Dei første postmoderne tendensane viste seg i kunsthandverket og i dei mjukare industrigreinene som glasverk, porselensfabrikkar, metallverkstader og møbel- og tekstilindustri. Dei strenge krava til form og funksjon i modernismen blei avløyste av leik og eksperiment med uortodokse former, fargar og ornament. Det utvikla seg ein ny estetikk som utfordra reglane i modernismen om stygt og pent. Ornamentbruken kom ofte til uttrykk i hybride og utrerte former. Mottoet var ikkje lenger «less is more», men «less is a bore».