Nordisk gullalder: estetikk og marknadsføring. 1945–1965

Fellesnemninga Scandinavian design blei lansert som følgje av ei kulturell nyorientering i Norden. Omgrepet blei brukt som eit marknadsføringstiltak, og framheva stereotypar som sprang ut av ei rad mytar om Skandinavia. Scandinavian design blir assosiert med ei grasiøs og lågmælt formgiving som passa til biletet av dei nordiske sosialdemokratia. Dette kom mellom anna til uttrykk i bruken av rimelege og gode materiale, enkle former og ein sparsam dekor. Eit viktig element var den aerodynamiske og organiske forma med opphav i USA. Denne fekk no fullt gjennomslag med dei nye plastmateriala.

Eit løft til den industrielle formgivinga

I Noreg ga Marshall-hjelpa og velstandsutviklinga i etterkrigstida eit løft til den industrielle formgivinga. Organisasjonen til industridesignarane, ID-gruppen, blei etablert i 1955. Først no kom orda design og industridesignar i alminneleg bruk. I 1962 blei den første norske designprisen delt ut, og i 1965 blei Norsk Designcentrum og «Merket for god design» etablert. Kriteria bygde i stor grad på prinsippa for god design frå 1800-talet, men dei blei no forstått ut frå ideane i modernismen.

Internasjonalt nivå

Scandinavian design heva norsk design til eit internasjonalt nivå. Men styresmaktene følgde ikkje opp det potensialet for designutvikling som låg i dette. Stilen fekk eit comeback i 1990-åra, som inspirasjonskjelde for mange av designarane våre.

Scandinavian design 1945–55 

Etter krigen var det stor vilje til nordisk samarbeid. Med utstillingane «Scandinavia at Table» og «Scandinavian Design for Living» i London i 1951 blei omgrepet Scandinavian design introdusert. Utstillingsturneen «Design in Scandinavia» blei arrangert i USA og Canada i 1954–57, og markerte det internasjonale gjennombrotet for Scandinavian design. Omgrepet blei synonymt med god, moderne design som blei framheva på Milano-triennalen i 1954 og H55-utstillinga i Helsingborg året etter. 

Scandinavian design 1955–65

Scandinavian design fekk svært mykje merksemd på triennalane i Milano i 1957, 1960 og 1963. Noreg var ikkje offisielt med i Milano i 1957, men ID-gruppen var ansvarleg for ein stand som vekte oppsikt. Utstillinga «Formes Scandinaves» i Paris i 1958 bidrog til å stadfeste den leiande rolla til Scandinavian design fram til ca. 1965. Då tok Italia over som den sterkaste designnasjonen.