Nye alliansar: industrien og kunsten. 1900–1920

Forløparane til modernismen ønskte å relatere design og kunsthandverk til det industrialiserte samfunnet. Dei la stilen i tida, historismen, bak seg og la vekt på enkle former tilpassa mekanisering og standardisering. Men dei rimelege, masseproduserte varene oppfylte ikkje alltid venleiksideala til pionerane.

Samspel

Det utvikla seg eit medvit om samspelet mellom maskinell framstilling, form og funksjon. Dei estetiske kvalitetane til produkta var eit sentralt spørsmål for dei kombinerte skulane og verkstadene Wiener Werkstätte (1903) og Deutsche Werkstätten (1907). Dei ønskte å fremje «handverk og industri i kunstnarisk retning», med «gode, rasjonelle mønstertypar». Andre skular henta også impulsar frå avantgarden i samtida innanfor biletkunst, arkitektur og filosofi. Bruk av ornament som kunne gjere maskinproduksjon vanskeleg, skulle unngåast. Den austerriksk-ungarske arkitekten og designaren Adolf Loos' motto «ornament – eit brotsverk» (1908) blei retningsgivande.

Den moderne stilen

I Noreg blei Foreningen Brukskunst etablert i 1918 etter tyske og svenske førebilete. Allereie i 1919 lanserte foreininga programmet for «den moderne stilen» og ideen om standardiserte ferdigvarer. Den moderne stilen skulle vere bygd på ærlegdom, rasjonalitet og fornuft. Det tok lang tid før dei nye ideane blei realiserte, og enno var det stort sett ingeniørar som forma produkta. Designprofesjonen utvikla seg relativt sakte i Noreg. Sjølv om vi finn enkeltståande tidlege eksempel, blei industridesignaren først ein realitet i 1950-åra.

Stilutviklinga i Noreg følgde stort sett Nord-Europas, men eit innslag av nasjonalromantisk nybarokk gjer seg gjeldande rundt Jubileumsutstillinga i 1914.

Arbeida til dei tidlege modernistane

kan grovt delast i to hovudgreiner, design og kunsthandverk. Ein del arbeid viser også glidande overgangar mellom desse to greinene. Møblane, glaset og sølvet blei ofte laga på store fabrikkar, men delvis med handverksbaserte metodar. Ein fellesnemnar er det enkle og ein funksjon som føregrip og slår an tonen for det modernistiske uttrykket.