Vakrare kvardagsvarer: idé og røyndom. 1920-åra

Art deco

Art deco, som fekk namn etter Exposition Internationale des Arts Décoratifs et Industriels Modernes i Paris i 1925, henta inspirasjon frå mellom anna orientalsk, egyptisk og nyklassisistisk kunst. Stilen kan karakteriserast som dekorativ og luksusprega.

Funksjonalisme

Funksjonalismen derimot spegla att eit sosialt engasjement. Masseproduksjonen innebar moglegheiter for å spreie god og rimeleg design til alle. Ein vellykka gjenstand skulle vere den optimale kombinasjonen av materiale, konstruksjon, produksjon og funksjon – derfor namnet funksjonalisme. Mange av ideane var henta frå den kombinerte skulen og verkstaden Bauhaus i Tyskland, som i åra 1919–33 arbeidde for ein forenkla industri estetikk. Stilen var rasjonell og la vekt på eit geometrisk uttrykk.

Vakrare kvardagsvarer

I Noreg blei Foreningen Brukskunst samlande for formgivarane, og foreininga arrangerte dei retningsgivande utstillingane «Nye Hjem» i 1920 og «Form og Farve» i 1924. Inspirasjonen kom frå Deutscher Werkbund og Svenska Slöjdföreningen, som begge argumenterte for reformer av produksjonsmetodane. Ein ønskte ein ny og sakleg stil som utnytta potensial et til masseproduksjonen til å lage vakrare kvardagsvarer. Idégrunnlaget var fastlagt, men det var først  på «Landsutstillingen» i Bergen i 1928 at funksjonalismen kom klart til uttrykk. Den nye stilen skulle no auke konkurranseevna til bedriftene og nasjonen og vere eit gode for samfunnet.

Nyklassisisme

Som i fleire andre land oppstod det i Noreg i 1920-åra ein forenkla nyklassisisme. Han blei gradvis inspirert av art deco og gjekk etter kvart inn i ei fruktbar samansmelting med funksjonalismen.

Ornamentalt og eksklusivt versus nøkternt og konstruktivt

Art deco og funksjonalisme fekk fotfeste i 1920-åra. Art deco la vekt på det ornamentale og eksklusive. Tekstilane og emaljearbeida er gode eksempel. Funksjonalismen derimot var meir nøktern og tok utgangspunkt i det konstruktive og ornamentlause. I Munthe-Kaas' Folkestol ser ein inspirasjonen frå dei berømte stolane til Marcel Breuer og Mies van der Rohe frå Bauhaus. Stålrøyrstolen var uttrykk for ideane i tida om funksjonelle interiør, men han blei likevel ikkje populær og var ofte gjenstand for den ironiske streken til vitseteiknarane.