!skjult

Verk fra samlingen

Edvard Munch
Skrik
1893. Tempera og fettstift på papp
© Nasjonalmuseet / Munch-museet / Munch-Ellingsen-gruppen / BONO 2010

utforskoglr

Forskning

4939./9Swp1O5e.ipsno/forskning/

Menypunkt ingress

folderDescOppdag nye måter å få kunnskap om kunst på

Forsking og utvikling

Forsking og utviklingsarbeid høyrer til blant Nasjonalmuseet sine kjerneoppgåver. Denne aktiviteten spring ut av og er delvis integrert i museet si kunstfaglege verksemd. Forskinga skal vere på eit høgt nivå og leve opp til internasjonal standard. I løpet av 2010 vil den gjeldande forskingspolitikken bli revidert og ein langsiktig handlingsplan vil bli utarbeidd.

Aktivitet i 2009

Den største hendinga i 2009 innan museet si vitskaplege publisering var oeuvrekatalogen over Rolf Nesch sin grafikk, forfatta av Sidsel Helliesen og Bodil Sørensen. Vår stand på Forskningstorget i Oslo 2009 som formidla den konserveringsfaglege forskinga på Edvard Munch sitt verk Det syke barn, vekte stor interesse. Ei anna hending var konferansen «Forsking på formidling i kunstmuseer», retta mot deltakarane i museumsnettverket for kunstformidling og det pedagogiske miljøet ved universitet og høgskular. Samarbeidet med Kunsthistorie, IFIKK, Universitetet i Oslo, vart følgt opp med ein konferanse som presenterte ny forsking på Edvard Munch sitt kunstnarskap.

Nasjonalmuseet inngår i to store samarbeidsprosjekt innan FoU-feltet:

Nettversjon av Norsk kunstnerleksikon

Norsk kunstnerleksikon, som kom ut i tidsrommet 1982–1986, er eit viktig grunnlag for kunsthistorisk forsking om norske kunstnarar, arkitektar og kunsthandverkarar. Leksikonet har lenge vore utselt, og difor har Nasjonalmuseet og ABM-utvikling gått inn i eit samarbeid om å gjere leksikonet tilgjengeleg for alle på Internettet. Samtidig blir det lagt eit funksjonelt grunnlag for framtidig oppdatering og vidare utvikling av leksikonet.

Museet si prosjektgruppe består av Sidsel Helliesen (leiar), Tom Klev, Birgitte Sauge og Helle Ravn Aaneland.

Exhibnet

Tre utvalde delar av Nasjonalmuseet sine digitalt baserte formidlingsaktivitetar inngår i det femårige forskingsprosjektet «Contact», i regi av InterMedia, Universitetet i Oslo. Prosjektet er finansiert av Noregs forskingsråd. For meir informasjon, kontakt birgitte.sauge@nasjonalmuseet.no

Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design

Nasjonalmuseet samlar og tek vare på, stiller ut og formidlar landets mest omfattande samlingar av kunst, arkitektur og design. Museet viser faste utstillingar med verk frå eiga samling og skiftande utstillingar med innlånte og eigne verk. Museet sine visingsstader i Oslo er Nasjonalgalleriet, Museet for samtidskunst, Nasjonalmuseet – Arkitektur og Kunstindustrimuseet. Utstillingsprogrammet omfattar også vandreutstillingar i inn- og utland.

Namnet

Noregs første offentlege kunstmuseum heitte Nationalmuseet då det vart oppretta i 1837. Deretter i ei kort periode; Den norske stats sentralmuseum for billedkunst, før det fekk namnet Nasjonalgalleriet. Samanslåinga av Nasjonalgalleriet, Arkitekturmuseet, Kunstindustrimuseet og Museet for samtidskunst i 2003 gav namnet Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design. Det nye namnet fortel om eit utvida virkefelt og peikar samtidig tilbake til starten.

Etablering

Det første konstituerande styremøtet i Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design vart halde 11. februar 2003. 1. juli same år vart museet etablert som stifting. Med dette var samanslåinga av Arkitekturmuseet, Kunstindustrimuseet, Museet for samtidskunst og Nasjonalgalleriet eit faktum, og arbeidet med å restrukturere Nasjonalmuseet frå fire enkeltståande museumseiningar til éin funksjonsdelt organisasjon starta. I 2005 flytta Nasjonalmuseet sin stab til nytt administrasjonsbygg i Kristian Augusts gate 23, og 1. juli 2005 vart Riksutstillingar overført til museet.

Utstillingar

Museet viser ei rekkje utstillinger med presentasjon av norsk og utanlandsk kunst, arkitektur og design, både i museumsbygningane i Oslo, i resten av Noreg gjennom eit landsdekkande program og i utlandet. Faste utstillingar med verk frå museets eigne samlingar blir vist i Kunstindustrimuseet og Nasjonalgalleriet.

Mål

Museets mål skal vere «å heve kunnskapen om og engasjementet for billedkunst, arkitektur, kunsthåndverk og design, utvikle den kritiske sansen, stimulere til ny erkjenning, skape økt historisk bevissthet og toleranse for mangfold».

Vestbanen

Det er planlagt eit samla nybygg for Nasjonalmuset på Vestbanen i 2017. Arkitektkonkurransen om den nye museumsbygningen vart vunnen av Kleihues + Schuwerk med prosjektet forum artis. Storleik, lokalisering og samla funksjonalitet i det nye bygget vil skape ein heilt unik arena for kunsten og publikum.