Aktivitet i 2009

Den største hendinga i 2009 innan museet si vitskaplege publisering var oeuvrekatalogen over Rolf Nesch sin grafikk, forfatta av Sidsel Helliesen og Bodil Sørensen. Vår stand på Forskningstorget i Oslo 2009 som formidla den konserveringsfaglege forskinga på Edvard Munch sitt verk Det syke barn, vekte stor interesse. Ei anna hending var konferansen «Forsking på formidling i kunstmuseer», retta mot deltakarane i museumsnettverket for kunstformidling og det pedagogiske miljøet ved universitet og høgskular. Samarbeidet med Kunsthistorie, IFIKK, Universitetet i Oslo, vart følgt opp med ein konferanse som presenterte ny forsking på Edvard Munch sitt kunstnarskap.

Nasjonalmuseet inngår i to store samarbeidsprosjekt innan FoU-feltet:
Nettversjon av Norsk kunstnerleksikon
Norsk kunstnerleksikon, som kom ut i tidsrommet 1982–1986, er eit viktig grunnlag for kunsthistorisk forsking om norske kunstnarar, arkitektar og kunsthandverkarar. Leksikonet har lenge vore utselt, og difor har Nasjonalmuseet og ABM-utvikling gått inn i eit samarbeid om å gjere leksikonet tilgjengeleg for alle på Internettet. Samtidig blir det lagt eit funksjonelt grunnlag for framtidig oppdatering og vidare utvikling av leksikonet.
Museet si prosjektgruppe består av Sidsel Helliesen (leiar), Tom Klev, Birgitte Sauge og Helle Ravn Aaneland.
Exhibnet
Tre utvalde delar av Nasjonalmuseet sine digitalt baserte formidlingsaktivitetar inngår i det femårige forskingsprosjektet «Contact», i regi av InterMedia, Universitetet i Oslo. Prosjektet er finansiert av Noregs forskingsråd. For meir informasjon, kontakt birgitte.sauge@nasjonalmuseet.no


