Utstillinger og aktiviteter

Aktiviteter

Pepperkakehuskonkurranse 2011

Frå 8. desember 2011 til 8. januar 2012 i Nasjonalmuseet – Arkitektur, Bankplassen 3

Tema 2011: Livsvitskap

Tema for peparkakehusprosjektet i 2011 var knytt til Nasjonalmuseet – Arkitektur si utstilling «Byen og Blindern. Universitetet i Oslo 200 år», der Universitetet i Oslo (UiO) og universitetsarkitekturen gjennom 200 år vart presentert. Oppgåve: Design eit livsvitskapsenter eller gi omgrepet livsvitskap ei fri tolking.

Meir informasjon om livsvitskap på UiO sin nettstad

2011-vinnarar:

Born t.o.m. 7. trinn. (t.o.m. 12 år)
Generelt om gruppa: Born vågar mykje. Dei nyttar store former og bygga er fargerikt dekorerte.  

Vinnar: Alle tankenes hus. Laga av: Wilke Bo Dyrøy. Eit sjølvtenkande hus der alle tankane berre boblar ut. Når nokon besøker huset set fantasien i gong og ein kjem på nye ting.

Juryen si vurdering: Ein vakker, enkel og rein konstruksjon. Bokstavane dannar opningar og slepp lys til rommet. Sjølv utan mykje pynt er han svært dekorativ. Enkel byggteknisk, men med stor symbolikk. Konstruksjonen kan tolkast som å ha referansar til det ein på fagspråket kallar «science as a public enterprise» – der forskinga og publikum engasjerer seg i kvarandre sin ståstad. Bygningen symboliserer på ein elegant måte den kommunikasjonen som er viktig – både i prosessen mellom forskargrupper og i formidlinga av resultata til offentlegheita.

Ungdom t.o.m. v.g.s. (t.o.m. 18.år)
Generelt om gruppa: Juryen brukte lang tid på denne kategorien før dei vart einige om vinnaren.

Vinnar: En pepperkakes liv. Laga av: Oda Aurora Norlund

Juryen si vurdering: Juryen fall for den litt rå og enkle utføringa. Det vinnarbidraget manglar i byggteknikk og arkitektonisk utføring tek det igjen i den symbolske verdien. Det skaper undring, assosiasjonar og diskusjon. Det var dette bidraget som skapte størst engasjement og diskusjon i juryen – og det er slik det skal vere! Forsking skal skape undring og diskusjon, og ho skal pirre nysgjerrigheita og sansane våre. Meininga med ei peparkake sitt liv er å bli spist. Oppfyller bidraget dette? Ein kan tenke seg at haugen til høgre er ei oppspist peparkake som har gått inn i krinsløpet og at det veks opp små blomar etter ho – det var juryen si frie toking. (Men ho vil jo bli spist til slutt i verkelegheita, då vil ho fullføre sin misjon).

Alle andre menneske som bakar
Generelt om gruppa: Alle bidraga vart positivt omtalt. Ei kreativ skapar(bake)glede!

Vinnar: Oslo livsvitenskapsenter – for små og store forskere. Laga av: Lene A Norlund

Juryen si vurdering: Det var vanskeleg å kome utanom dette bidraget. Profesjonelt utført, svært dekorativt og lekkert – ein ser at det ligg mykje arbeid bak. Flott baketeknisk, flotte fargar og fin symbolikk. Det blir vist fleire hus som rommar ulike grupper og eit felles samlande midtpunkt; livets tre?


Publikumspris

Publikum har stemt på sitt favoritthus og stemmene er telte opp.

1. plass: Publikums klare favoritt var Lene A. Norlunds bidrag: Oslo livsvitenskapssenter – for store og små forskere (same bidrag som fagjuryen valde).

2. plass: Lars Gunnar Nordheims bidrag: Nøkkelen

Peparkakehus 2011 var eit samarbeidsprosjekt mellom Universitetet i Oslo, Den kulturelle skulesekken Oslo og Nasjonalmuseet.