Utstillinger og aktiviteter

Aktiviteter

Velkomen til Kunstindustrimuseet

Atelier

Omvisingar kan kombinerast med aktivitetar i ateliereret. Besøket byrjar i ei utstilling der vi ser på og samtalar om utvalde verk. Etterpå blir inntrykka bearbeidd praktisk i atelieret. Omvising med atelier tek ca. 1,5–2 timar og tilpassast alle aldersgrupper.

Kunstindustrimuseet sitt atelier er utforma med forskjellige døme på god design. Det ligg i nær tilknyting til samlingsutstillinga «Design og kunsthåndverk 1905–2005». Tema frå denne utstillinga vil vere utgangspunkt for oppgåver i atelieret, men atelieret vil også vere ein stad for praktisk arbeid i tilknyting til alle utstillingane. Draktdesign, tekstiltrykk, smykkedesign og mykje anna vil kunne prøvast ut.