A Doll's House-03.jpg
Marianne Heske: «A Doll's House» fra utstillingen. Foto: Nasjonalmuseet / Knut Øystein Nerdrum

A Doll's House

9. februar 2006–12. mars 2006

Tullinløkka

I utstillinga «A Doll's House», realisert som ein del av Ibsen 2006, samlast ein del av Marianne Heskes kunstnarskap. Utstillinga viser blant anna Heske sine tidlege videoar og flere av de tidlege litografiane frå eit opphald i Paris på 1970-talet. Desse verka er grunnleggjande i Heske sin produksjon – alt her ser vi ein kunstnar som har funne dei tema ho skulle kome til å arbeide vidare med.

Eit besøk i Marché aux Puches ved Porte de Montreuil i Paris i 1971 skulle vise seg å vere svært viktig for Heske. Der fann ho ei eske med dokkehovud i pappmasjé, som i utsjånad reflekterer det tidlege 1900-talets filmglamour. Desse skulle bli ein viktig metafor i hennar vidare kunstnarskap. I det internasjonale kunstmiljøet i Paris laga ho dei første arbeida der ho inkorporerte dokkene; assemblagar, fotografi, videoar og grafiske arbeid.

Heskes tolking av Helmer og Nora sin heim
Eit lite hus på Tullinløkka, ein heim på rundt 80 m2, er blitt Heskes eige «A Doll's House». Ved hjelp av video-ras-projiseringar og ei vidareføring av det eine litografiet i dialektisk portrett; ei sidestilling av bronseskulpturen "NN" og ein hovudskalle ("Nora's skull"), skaper kunstnaren si eiga tolking og formulering av dei universelle forholda og relasjonane i Helmer og Nora sin heim.

Samspel mellom dokker og mentale ras
I Ibsens "Et dukkehjem" byggast dramaet opp rundt Nora og Helmer sine roller og hennar oppgjer, med seg sjølv like mykje som med ektemannen og deira relasjon. Heske visualiserer dette gjennom samspelet mellom dokkene, som spelar våre roller, og mentale ras som projiserast rundt i rommet. Rasa, eller dei indre skakingane utfaldar seg på alle husets veggar, fyller interiøret og gir romkjensla ein ny dimensjon. Opplevinga av installasjonane og skodespelarane utfordrar til sjølvransaking og erkjenning. Dette illustrerer det universelle både i Heske sin kunst og Ibsen sitt forfattarskap – vi projiserer oss sjølve både inn i Ibsens karakterar og i Heskes installasjonar. For begges del handlar det om å skape verk med universell klangbotn, noko allmenngyldig. Dermed opnar kunstnaren både for individuelle framføringar og personlege tolkingar.

To utstillingsstader
«A Doll's House», er fordelt over to visingsstader; huset på Tullinløkka og Galleri Kaare Berntsen. Mendan huset kan sjåast på som ein installasjon i seg sjølv, viser galleriutstillinga eit breiare utval av kunstnaren sine arbeid – frå 1970-talets litografiar til dei velkjende "Mountains of the Mind" og fleire sentrale dokkeinstallasjonar.

Kurator for utstillinga er Ina Johannesen, Galleri Kaare Berntsen

«A Doll's House» skal vidare til New York og Roma som ein del av den internasjonale Ibsen-markeringa.