Eero Saarinen-21.jpg
Fra utstillingen. Foto: Nasjonalmuseet / Morten Thorkildsen

Eero Saarinen. Framtida tek form

20. januar 2007–18. mars 2007

Kunsthallen på Tullinløkka

Dette er den første retrospektive utstillinga om den finsk-amerikanske arkitekten Eero Saarinen (1910–1961). Saarinen sine bygningar og møblar var med på å forme "den moderne livsstilen" på femtitalet.

Saarinen vart fødd i Finland, men budde mesteparten av livet i USA, og dei fleste av bygningane hans finn vi der. Han har teikna nokre få bygningar i Europa, blant anna den amerikanske ambassadebygningen i Oslo.

Utstillinga viser skisser, arbeidsteikningar, modellar, fotografi, møblar, filmar og anna materiale frå diverse arkiv og private samlingar.

Utstillinga arrangerast av Finlands kulturinstitutt i New York, Finlands arkitekturmuseum og the National Building Museum, Washington, D.C. med støtte frå Yale University School of Architecture.