Norsk samtidsarkitektur 2000–2005-20.jpg
Fra utstillingen. Foto: Nasjonalmuseet / Knut Øystein Nerdrum

Norsk samtidsarkitektur 2000–2005

14. oktober 2006–31. desember 2006

Kunsthallen på Tullinløkka

Kva nye bygningar vil få plass i norsk arkitekturhistorie? Det vil vere ulike oppfatningar av dette, men eit kvalifisert svar er den juryerte utstillinga "Norsk samtidsarkitektur 2000–2005" som Nasjonalmuseet opnar i Kunsthallen på Tullinløkka 14. oktober. Noreg er eit rikt land med intens byggeaktivitet. Men i kva grad resulterer den store byggeverksemda i markante kvalitetsbygningar? Store etablerte kontor er representerte i utstillinga, men ho markerer også eit gjennombrott for ein ny generasjon av norske arkitektar.

Det er femte gong utstillinga blir produsert, og ho er i ferd med å bli ein tradisjon: Første versjon av "Norsk samtidsarkitektur" viste arbeid frå 1975 til 1985, så fulgte 1985–90, 1990–95 og deretter 1995–2000. Desse utstillingane er dei mest omfattande mønstringane vi har av norsk samtidsarkitektur, og katalogane er blitt viktige dokumentasjonskjelder for den som ønskjer ei oversikt over norsk arkitektur frå 1975 fram til i dag.

Høgdepunkta innan norsk samtidsarkitektur
Utstillinga viser høgdepunkta innan norsk samtidsarkitektur ferdigstilt i perioden 2000–2005. Ein fagjury har vurdert og valt ut 50 bygningar frå dei fem siste åra, teikna av norske arkitektar i Noreg og utlandet. Bygga varierer i storleik; frå interiørprosjekt, hytter og bustader til store komplekse anlegg, som "Bibliotheca Alexandrina" av Snøhetta. Nokre arkitektar tek føre seg det sosiale aspektetet, som Code:arkitekturs prosjekt "Bosteder for hjemløse i Moss". Medan andre utmerkjer seg med ein klar miljøprofil, som til dømes arkitektfirmaet Helen & Hard i Stavanger som transformerer gamle brakker frå oljeindustrien til attraktive lågkostnadsleiligheiter for unge.

Formidling og utstillingspresentasjon
Utstillinga skal formidle og dokumentere norsk samtidsarkitektur. Korleis arbeider arkitektar for å nå fram mot målet? Korleis blir idear skapt? I det heile tatt; korleis ser norsk samtidsarkitektur ut? Bygga blir presenterte gjennom tekstar, fotografi, illustrasjonar, modellar og materialprøver. I tilknyting til nokre av prosjekta visast det film.

Visingar
«Norsk samtidsarkitektur 2000–2005» si første vising er i Kunsthallen på Tullinløkka. Deretter vandrar utstillinga til store delar av Noreg, medan ei engelsk utgåve vandrar verda rundt i samarbeid med Utanriksdepartementet.

Katalog er produsert i samarbeid med arkitekturtidsskriftet Byggekunst.

Kurator: Anne Marit Lunde