ROBERT MEYERS SAMLING 18.jpg
Fra utstillingen. Foto: Nasjonalmuseet / Børre Høstland

ROBERT MEYERS SAMLING

12. november 2005–15. januar 2006

Kunsthallen på Tullinløkka

Utstillinga med Robert Meyers Samling vil vise nedslagsfeltet i samlinga. Hovudsakeleg består samlinga av norsk og nordisk fotografi. Utstillinga har eit historisk spenn frå 1840-talet til samtidsfotografiet, med vekt på 1800-talets landskapsfotografi, portrettfotografiet i mellomkrigstida, den subjektive reportasje på 60-talet og etableringa av det kunstnariske fotografiet på 1970- og 80-talet.

I utstillinga presenterast viktig dokumentasjon av fotografiets opprinning rundt Hans Thøger Winter. Vi viser landskapsfotografiets sterke posisjon på 1800-talet og byrjinga av 1900-talet, med fotografar som Knud Knudsen, Axel Lindhal og Anders Beer Wilse.

Debatt rundt det kunstnariske fotografiet
I mellomkrigstida var debatten rundt det kunstnariske fotografiet sentral, både blant profesjonelle og amatørfotografar. Med Waldemar Eide, Aage Remfeldt og Rolf Ødegaard synliggjerast kunstnariske nedslagsfelt i denne perioden. I etterkrigstida var framveksten av reportasjefotografiet markant. Den svenske fotografen Christer Strömholms subjektive tilnærming til det fotografiske uttrykket, har hatt stor innverknad på norsk fotografi. Ein sentral del av utstillinga vil vere presentasjonen av hans arbeid.

1970–1990-talet
På 70-talet får vi ei ny oppblomstring av debatten rundt kunstnarisk fotografi. Etableringa av Forbundet Frie Fotografer i 1974 og Fotogalleriet i 1976 var vesentleg for framveksten av det kunstnariske fotografiet fram til i dag. Utstillinga presenterer arbeid av fotografar knytt til FFF og Fotogalleriet frå 1970- og 80-talet, og eit spekter av 90-talets nye formuttrykk.

Kurator for utstillinga er Eva Klerck Gange.