Tullinløkka-06-02.jpg
Fra utstillingen på Tullinløkka. Foto: Nasjonalmuseet / Børre Høstland

Ung kunstscene

5. mai 2006–1. oktober 2006

Tullinløkka

Nasjonalmuseet etablerer ei ung kunstscene på Tullinløkka for å synleggjere kva unge kunstnarar, designarar og arkitektar er opptekne av under utdanninga ved dei nasjonale utdanningsinstitusjonane.

I eigen regi lagar avgangsstudentar frå fem utdanningsinstitusjonar elleve utstillingar i Selvida-huset på Tullinløkka. Desse deltek:

• NTNU, institutt for byggekunst, form og farge

• Kunsthøgskolen i Oslo, visuell kunst I

• Kunsthøgskolen i Bergen, design

• Kunsthøgskolen i Oslo, design I

• Kunsthøgskolen i Bergen, MA Kunst II

• Kunsthøgskolen i Oslo, visuell kunst II

• Kunsthøgskolen i Bergen, MA Kunst II

• Kunsthøgskolen i Oslo, design II

• Arkitekthøgskolen i Oslo

• Kunstakademiet i Trondheim, fakultet for arkitektur og biletkunst

• Bergen Arkitekt Skole

Labyrint
Studentar ved arkitekturlinja på NTNU i Trondheim har teikna denne installasjonen. L-forma element, laga i materialet selcrete, er sett saman til ein labyrint. Publikum kan bevege seg gjennom labyrinten som er lagt rundt Huset med «Ung kunstscene». «Labyrint» er eit samarbeidsprosjekt mellom Nasjonalmuseet, NTNU og Selvaag Gruppen. Installasjonen er produsert av Selvaag Gruppen.