20 års hatteglede – en utstilling om og med hatter

12. september 2014–21. september 2014

Kunstindustrimuseet

Mona Strand (f. 1965) feirar sitt 20-årsjubileum som hattekunstnar med ei utstilling i Storsalen i Kunstindustrimuseet. Ho viser ein installasjon av hovudplagg, Veksthus, laga i samarbeid med tekstilkunstnar Marianne Pedersen. I tillegg blir hattane hennar presenterte i fotoutstillinga «Hatteportretter» av fotograf André Clemetsen med portrett av Linn Skåber, Atle Antonsen, Jon Brungot, Agnes Kittelsen, Shabana Rehman, Catarina Chen, m.fl.

Strand er utdanna ved SHKS, Institutt for klær og kostyme, der ho tok hovudfag i kategorien skulpturelle hattar (1993). Strand har i fleire år hatt eigen verkstad med utsal i Bolteløkka allé i Oslo. Ho har mottatt fleire arbeidsstipend, prisar og utmerkingar, og er kjøpt inn av museum i Noreg og utlandet.

André Clemetsen er fotograf med utdanning frå The University of Westminster. Han har jobba med kunst- og dokumentarfoto i Mexico, Nepal og Etiopia og med fashion i New York, London, Roma og Paris.

Sted: Kunstindustrimuseet

Adresse: St. Olavs gate 1