Design og mote. Norge 1814

2. februar 2014–31. august 2014

Kunstindustrimuseet

I samband med grunnlovsjubileet viser Nasjonalmuseet totalt fem utstillingar, tre historiske og to samtidige. Dei tre historiske går under fellestittelen Norge 1814. Dei to samtidskunstutstillingane er «Grip friheten! Take Liberty!» i Museet for samtidskunst og vandreutstillinga «I Nasjonalmuseets blindsone» som opnar i Nasjonalmuseet – Arkitektur. Publikum får oppleve fleire verk som sjeldan eller aldri har vore viste i offentleg samanheng. Med Norge 1814-utstillingane ser vi kunsten frå perioden i eit nytt lys. Utstillingane blir følgde av eit rikhaldig arrangementsprogram som rettar seg mot eit breitt publikum, og eit variert formidlingstilbod for born og unge.

Møblar, glas, keramikk, mote og arkitektur formidlar nye idear om demokrati og nasjonal sjølvstende i perioden som markerer overgangen frå det overdådige i rokokkoen til empiren si vektlegging av det enkle, bygd på ideala frå antikken. Handelssamband med utlandet og utviklinga av eit norsk næringsliv er også viktige faktorar for dei nye tankane om design og mote i tida. Utstillinga viser m.a. Anker-familien sin praktbygning Paleet, som i 1814 vart kongebustad for Christian Frederik og seinare for unionskongen Carl Johan.

Utstillinga viser gjenstandar frå samlinga til Nasjonalmuseet i tillegg til lån frå inn- og utland.