KIMplus50.005.jpg
Fra utstillingen. Foto: Nasjonalmuseet / Anne Hansteen Jarre

Eit PLUS i norsk designhistorie. Brukskunstorganisasjonen PLUS 1958–1978

30. januar 2009–12. april 2009

Kunstindustrimuseet

Denne utstillinga markerer brukskunstorganisasjonen PLUS' sitt 50-årsjubileum. I dag har mange gløymt innverknaden denne kreative kolonien hadde i norsk designhistorie. Gjennom utstillinga møter vi gjenstandar som har prega heim og omgjevnader for to generasjonar nordmenn. Over 200 verk viser kvaliteten og breidda i design og kunsthandverk som vart produsert ved dei mange PLUS-verkstadane i løpet av tjueårsperioden 1958–1978.

Dette er ein epoke i vår nyare historie med store endringar både innan kunst og samfunnsliv. Gjenstandane i utstillinga speglar endringane i tidas smak, mangfaldet i uttrykket og korleis nye impulsar trengjer seg fram. Dette gir eit rikt bilde av den visuelle kulturen frå 50-, 60- og 70-talet. For mange vil eit besøk i utstillinga innebere gjensyn med ting som vekkjer minner, for andre blir det ei ny oppleving. Uansett gir utstillinga mulegheit til å lære noko nytt både om etterkrigstida si gjenstandsverd og om dei som gav den form og farge.

Design, kunst og handverk er stikkorda for PLUS. Ideane som gav opphav til organisasjonen – og ikkje minst gjenstandane som kunstnarane og handverkarane produserte – har vore med på å avgjere korleis vi forstår og bruker desse omgrepa i dag. Utgangspunktet var brukskunstrørsla sine reformtanker para med gjenreisingstida si framtidsoptimisme og vilje til fornying. Like viktig for organisasjonen sitt opphav og første suksessar var den blomstrande interessen for Scandinavian Design – både som fenomen og stiluttrykk. Dette hjalp dei første PLUS-produkta fram og medverka til at dei vart kjende og verdsette i samtida, heime og ute.

Forskjellige handverk var representerte i PLUS, og det vart produsert gjenstandar i glas, keramikk, metall, tre, tekstil og plast. Nytt design vart utvikla for industrien, men PLUS vart særleg viktig som kraftsentrum for den verkstadsbaserte brukskunsten. For mange av dei unge kreftene i norsk kunsthandverk og design, vart PLUS eit direkte eller indirekte utgangspunkt for verksemda deira – og ein faktor som påverka begge faga si utvikling i Noreg.

Utstillinga er eit samarbeid mellom Fredrikstad Museum og Nasjonalmuseet og viser gjenstandar frå begge musea sine samlinger.

Det er også laga ein utfyllende bibliografi om emnet for den som vil lese endå meir.

Kurator for utstillinga er Randi Gaustad.