From the Coolest Corner. Nordiske smykker

20. januar 2013–21. april 2013

Kunstindustrimuseet

Utstillinga presenterer grenseoverskridande og eksperimentelle samtidssmykke frå 60 sentrale nordiske og baltiske smykkekunstnarar. Ho viser noko av det nyaste og mest avanserte innan nordisk smykkekunst.

Hovudfokus er smykket som kunstform: ei variert, frodig og utfordrande oppleving av smykke som diskuterer samtida dei er ein del av – og smykketradisjonen dei kjem frå. Verka til nestorar som Sigurd Bronger (N), Kim Buck (DK), Konrad Mehus (N), Helena Lehtinen (FIN) og Tore Svendson (S) blir presenterte saman med verka til den nye generasjonen smykkekunstnarar, som Sirja Knaapi (FIN), Helga Ragnhildur Mogensen (IS) og Anna Talbot (N). Utstillinga gir eit unikt innblikk i kva dagens nordiske smykkekunstnarar er opptatte av. Ho synleggjer også den sterke posisjonen til nordiske smykke nasjonalt og internasjonalt. Ein internasjonal jury har valt ut verka i utstillinga.

Prosjektet er eit samarbeid mellom Kunsthøgskolen i Oslo, Norske Kunsthåndverkere og Nasjonalmuseet, med støtte frå Nordisk Kulturfond, Norsk kulturråd og Kulturkontakt Nord.

Juryering

Ein internasjonal jury har valt ut verka i utstillinga: Liesbeth den Besten, juryleder (NL), Widar Halén (NO), Love Jönsson (SE), Jorunn Veiteberg (DK) og Päivi Ruutiainen (FIN).

Utstillingsarkitekt: smykkekunstnar Sigurd Bronger

Utstillinga blir følgd av ei omfangsrik bok, og supplert med eit internasjonalt symposium i Oslo.

Prosjektet er eit samarbeid mellom Kunsthøgskolen i Oslo, Norske Kunsthåndverkere og Nasjonalmuseet, med støtte frå Nordisk Kulturfond, Norsk kulturråd og Kulturkontakt Nord.

Symposium

Kunstnarisk utvikling og forsking innan smykkekunst blir analysert i eit symposium 17. og 18. januar på Kunsthøgskolen i Oslo. Ei bok med juryen sine kunstteoretiske essay blir utgitt i tilknyting til utstillinga.

Turné

I 2013 blir utstillinga vist på Designmuseum Danmark i København og Designmuseet i Helsingfors. I 2014 blir utstillinga vist på Röhsska museet i Göteborg, og i Estland.