100nb48.jpg
Fra utstillingen. Foto: Nasjonalmuseet / Børre Høstland

Hundre års nasjonsbygging. Norsk arkitektur og samfunn 1905–2005

18. juni 2005–18. september 2005

Kunstindustrimuseet

I denne utstillinga blir arkitekturutviklinga framstilt på ein ny måte. Fokus vil vere dei store samfunnsmessige endringane som Noreg har gjennomgått frå 1905 til 2005 og kva fysiske endringar dette har ført til.

Det er eit nytt Noreg som er blitt til i løpet av dei siste hundre åra. Vi bruker å seie at meir enn 90 % av dei fysiske omgjevnadene vi har i dag er bygd i løpet av denne perioden. Kvart år fornyar vi cirka éin prosent av bygningsmassen. Vi byggjer ikkje berre fordi vi blir fleire og fleire, men i første rekkje fordi nye behov og nye standardar gjer det nødvendig. Måten vi lever på, produksjonsforholda og det sosiale livet har blitt annleis, og difor har vi skapt nye bygningar og anlegg. Denne utstillinga fokuserer på denne samanhengen.

Endra fysiske løysingar
Utstillinga tek føre seg ti ulike samfunnssektorar og korleis samfunnsmessige endringar har ført til nye fysiske løysingar. Dette medfører at andre bygningar enn dei som ein er vant til å møte i den vanlege arkitekturhistoria no blir viktige døme for å forklare utviklinga.

Publikasjon
I tilknyting til utstillinga blir boka «Hundre års nasjonsbygging. Arkitektur og samfunn 1905–2005» gjeve ut. Ti unge arkitekturhistorikarar har skrive kvart sitt kapittel i boka.