Kongelige reiser 1905–2005

16. februar 2012–26. august 2012

Kunstindustrimuseet

Utstillinga markerer startskotet for prosjektet «Den kongelige reise», og har reiser som bindeledd mellom monarken og folket som hovudtema. Det blir fokusert på reisene til dagens kongepar, men utstillinga følgjer også inn- og utanlandsturane til kong Haakon VII og dronning Maud, kong Olav V og kronprinsesse Märtha.

Utstillinga presenterer ca. 250 gjenstandar frå dei kongelege samlingane. Eit gjennomgåande tema er reisens estetikk. Utstillinga viser reiseutstyr, drakter, uniformer, ordenar og gåver gitt til kongane og dronningane våre av utenlandske statsleiarar på besøk i Noreg. Blant høgdepunkta er vogna, draktene og uniformene som vart laga til kruninga i 1906 og klesdraktene som vart brukt i tilknyting til signingane i 1958 og 1991.

Det er også muleg å sjå fire filmar frå NRK om Noregs kongehus i foredragssalen (biblioteket) i Kunstindustrimuseets 1. etasje.

Kuratorar for utstillinga er Widar Halén og Nina Høye.

Regjeringa si gåve til kongeparet

Utstillingsrekka Den kongelige reise er Regjeringa si gåve til DD.MM. kong Harald og dronning Sonja i høve 75-årsdagane deira i 2012. Gåva består av seks utstillingar med skattar frå dei kongelege samlingane av kunst, kulturhistoriske gjenstandar og fotografi.