Kunsthåndverk 2012

23. september 2012–9. desember 2012

Kunstindustrimuseet

«Kunsthåndverk 2012» er den juryerte årsutstillinga til Norske Kunsthåndverkere.

Utstillinga viser nye arbeid av norske kunsthandverkarar innan materialgruppene glas, keramikk, tekstil og metall. Ho gir ein brei presentasjon av kunsthandverksfeltet i dag. I tilknyting til utstillinga blir vinnaren av Kunsthåndverkprisen 2012 frå BKH-fondet (Bildende Kunstneres Hjelpefond) annonsert. Utstillinga og formidlingsprogrammet er produsert av Norske Kunsthåndverkere og Nasjonalmuseet.

Jury for årets utstilling: Trine Hovden (keramikk) juryleiar, Ingun Myrstad (tekstil), Ansgar Ole Olsen (metall), Inger Helene Stemshaug (kurator, Nasjonalmuseet), Josephine Winther (DK, smykker).