Kunsthåndverk 2013

Kunstindustrimuseet

«Kunsthåndverk 2013» er den juryerte årsutstillinga til Norske Kunsthåndverkere. Ho presenterer nye arbeid av norske kunsthandverkarar og viser verk med eit stort spenn i form og innhald innan glas, tekstil, metall, keramikk, tre og lêr. Utstillinga reflekter med dette noko av mangfaldet som eksisterer innan kunsthandverkfeltet i dag. I tilknyting til utstillinga blir vinnaren av Kunsthåndverkprisen 2013 frå Bildende Kunstneres Hjelpefond presentert.

Utstillinga er eit samarbeid mellom Norske Kunsthåndverkere og Nasjonalmuseet.