Per Spook – haute couture

30. oktober 2009–27. mars 2016

Kunstindustrimuseet

Utstillinga viser klede frå motehuset til Per Spook i Paris, som var i verksemd frå 1977 til 1995. Kleda representerer fransk haute couture på sitt beste med førsteklasses design og handverksmessig kvalitet.

Kleda formidlar Spooks stil som var prega av enkle, bruksvenlege fasongar, personlege stoffmønster, fargar og tilbehør, og innslag inspirert av norske tradisjonar. Dei utstilte kleda, ca. 20 antrekk, er gitt i gåve til Nasjonalmuseet frå Per Spook.

Utstillinga er ein del av draktgalleria i 4. etasje på Kunstindustrimuseet.