Strikknikk 13.jpg
Fra utstillingen. Foto: Nasjonalmuseet / Børre Høstland

Strikknikk. Internasjonal strikkeutstilling

22. september 2007–30. desember 2007

Kunstindustrimuseet

Utstillinga inviterer til eit spennande møte med eit nytt, sterkt kunstfelt. Det handlar om roller, forventingar, tradisjon, brot og provokasjon. Biletkunstnarar og kunsthandverkarar frå Australia, Canada, Danmark, England, Finland, Japan, Litauen, Nederland, Noreg, Skottland, Tyskland og USA viser mangfaldet i strikking som kunstnarleg språk i dag.

Kunstnarane har laga verk som utforskar strikketeknikken og materiala – frå bruksgjenstandar via konseptuelle verk til utfordrande installasjonar. Verka er dels humoristiske, varme og poetiske, dels såre, tankevekkande og uhyggelege. Utstillinga er eit samarbeid mellom Vestlandske Kunstindustrimuseum i Bergen, Bomuldsfabriken Kunsthall i Arendal og Nasjonalmuseet.

Kurator for utstillinga er Anne Britt Ylvisåker i samarbeid med Harald Solberg og Anne Kjellberg.