TRILOGY_ Amar Kanwar-05_ny.jpg
Fra utstillingen. Foto: Nasjonalmuseet / Børre Høstland

TRILOGY: Amar Kanwar

4. februar 2006–5. mars 2006

Kunstindustrimuseet

«TRILOGY: Amar Kanwar» er ein presentasjon med filmar av den indiske kunstnaren Amar Kanwar. Kanwar er ein av dei fremste kunstnarane i India og har ein imponerande kunstnarisk produksjon bak seg. I 2005 mottok han Edvard Munch-prisen. Innhaldet i Kanwars filmar dreier seg om tilhøvet mellom religionar, land og menneske, og om korleis politiske og menneskelege konfliktar oppstår på grunn av maktutøving.

Filmane som blir vist i utstillinga på Nasjonalmuseet er ein trilogi som saman gir ei personleg og åndeleg innsikt i tema som vald, politiske konflikter og ynskjet om ei fredeleg løysing. Triologien inkluderer:

«A Season Outside», 1998, 30 min.
«A Night of Prophecy», 2002, 77 min.
«To Remember», 2003, 8. min.

Vist over heile verda
Kanwars filmar vart valt ut til Documenta 11 og er blitt presentert i ei rekkje utstillingar, mellom anna ved Moma New York, the Whitechaple Gallery London, Baltimore Museum of Art og the House of World Cultures i Berlin. Filmane hans har også blitt vist på filmfestivalar i land som USA, Tyskland, Japan, Nepal. Kanwar har hatt separatutstillingar i the Renaissance Society i Chicago og i Tensta Kunsthal i Stockholm.

Utstillinga på Nasjonalmuseeter er eit samarbeid med OCA – the Office for Contemporary Art Norway.
Kurator er Gavin Jantjes.