Triennale 07 keramikk - glass-16.jpg
Fra utstillingen. Foto: Nasjonalmuseet / Børre Høstland

Triennale 07 keramikk – glas

17. juni 2007–2. september 2007

Kunstindustrimuseet

Utstillinga tek pulsen på samtidas kunsthandverk innan keramikk og glas. Juryen ønskjer å vise arbeid som kan skape dialog og gjere inntrykk på tilskodaren. Delar av utstillinga vil bli vist på Grimmerhus i Danmark våren 2008.

Norske Kunsthåndverkere har sidan 2002 arrangert fagbaserte triennalar, og årets utstilling er den andre i rekkja med keramikk og glas. Triennalekonseptet er ei vidareutvikling av "Norske Kunsthåndverkeres årsutstillinger", som vart vist første gong i 1976.

Det er fri innsending til utstillinga, som blir juryert i to omgangar. Juryen er oppnemnd av Norske Kunsthåndverkere. Årets jury: Jorun Kraft Mo, Irene Nordli, Ann-Kathrin Samuelsen, Vidar Koksvik og Randi Gaustad.

Utstillinga arrangerast i samarbeid med Norske Kunsthåndverkere.